Bakstreversk om lønskutt

Dette utspelet kjem samstundes med at ein internasjonal rapport viser at nordmenn er meir effektive […]

Dette utspelet kjem samstundes med at ein internasjonal rapport viser at nordmenn er meir effektive enn dei fleste, faktisk berre slått av Irland. Lønsnivået i industrien har betydning for arbeidsplassane, men lønskutt og lengre arbeidsdagar er eit useriøst innslag i debatten om dei lange linjene i industrien. Lønsoppgjera er fronta slik at konkurranseutsett industri slår an tonen for lønsveksten. Også arbeidstakarane tar ansvar.

Det er ikkje noko nytt at Noreg har eit høgt kostnadsnivå. For ikkje lenge sidan slo sentralbanksjef Svein Gjedrem fast at kostnadsnivået ikkje er høgare samanlikna med andre land enn det som har vore vanleg gjennom fleire tiår. Lønstakarar i Noreg vil gjerne ha ei rimeleg god løn, så kvifor skal ein senke levestandarden når det går bra, var hans konklusjon. Industrien er ikkje statisk, og det blir både skapt og lagt ned arbeidsplassar.

Å møte utfordringane i bedriftene med lønskutt og lengre arbeidsdagar er i beste fall bakstreversk. Det er langt frå alle i næringslivet som meiner næringslivet skal overleve ved å kutte i dagens løns- og levekår. Møbelgiganten Ekornes er blant bedrifter som formidlar at dei unner dei tilsette sin del av verdiane som blir skapt.
I Noreg har jamn inntekstfordeling blitt sett på som ein viktig verdi. Det er noko å ta vare på. Presset for å eit A- og B-lag i arbeidslivet, vil ikkje bli mindre i tida framover.