Bakterie i drikkevatnet

I eit topp moderne vassanlegg i Skånevik vart det tysdag morgon påvist e.coli-bakteriatr. Dette er […]

I eit topp moderne vassanlegg i Skånevik vart det tysdag morgon påvist e.coli-bakteriatr. Dette er så unormalt og underleg at Mattilsynet stussar over kva som kan vere årsaka.
— Vassanlegget har topp teknologi, og er så driftssikkert og greitt at dette er ei underleg sak, seier seksjonssjef Jarl Inge Alne i Mattilsynet. Han fortel vidare at noko slikt som dette ikkje har førekomme i noko vassverk på dei siste 10-15 åra på Haugalandet. Når e.coli vert påvist i drikkevatnet, kan det vere ein indikasjon på ei mogleg forureining og at reinseanlegget ikkje fungerer optimalt.
— Sidan dette så og seie aldri førekjem, må me gå grundig til verks for å finne ut kva årsaka er. Det er vassverket sitt ansvar, men Mattilsynet er med og bistår, seier Alne.
Ventar på svar
Sidan tysdag morgon har alarmen gått om at drikkevatnet inneheld e.coli-bakteriar. Ved å koka vatnet vil alle bakteriane forsvinna, og drikkevatnet vert heilt trygt. Før folk i Skånevik kan drikke vatnet sitt rett frå springen igjen, gjenstår det ein prøve før klarsignal vert gitt. Ein prøve er allereie testa utan funn av e.coli, og prøve nummer to vert klargjort i løpet av torsdagen. Innan den tid må alle som har tilknyting til vassverket koke vatnet.
Skånevik omsorgssenter og heimetenesta har ingen problem med å koke opp mykje vatn, og alt fungerer bra.
— Me kokar opp vatnet i vasskokaren og set det på kjøla, så dei får reint og friskt vatn, forsikrar Randi Ytrenes Evenseth.
Sjølv om det er funne e.coli i drikkevatnet, er det ikkje av den farlege typen som var mykje omtalt i media for ei tid sidan. Dei som får i seg bakterien, kan få diaré og brekningar, men dette er forbigåande.