Banebrytande valsamarbeid

Tanken på å kunna ta eit fritt val og stemma er heilt ny for ukrainsk […]

Tanken på å kunna ta eit fritt val og stemma er heilt ny for ukrainsk ungdom. Skuleval er difor eit ukjent omgrep.
– Skuleval er veldig demokratisk. Det er godt å sjå for folk frå Ukraina. Me har aldri hatt skuleval og me trur det er ein kjempegod idé, seier Kristina Kostushko, ukrainsk skuleelev.
Parlamentsvalet i Ukraina skal haldast i mars. I forkant av dette skal det for første gong arrangerast skuleval i Korosten. Skulesjefen Mikola Veleshko har allereie forplikta seg til å halda skuleval ved 13 skular i byen.
Lærar Bogdana Volkodav trur det blir interessant for elevane å få delta i eit skuleval.
– Det er viktig for oss å sjå at det er ein fin måte å samarbeida mellom elev og lærar på, og at eleven føler ansvar for å stemma. Det er viktig for oppsedinga, seier lærar Bogdana Volkodav gjennom tolken dei har med seg.

Historisk skuleval
I ei veke har den ukrainske delegasjonen vore på plass ved Ølen vidaregåande skule. Dei har vore med på skuledebatten, besøkt Haugesund for å sjå korleis partia driv valkamp og måndag var dei til stades under skulevalet i Ølen.
– Målet med besøket er å læra oss å bli kjent med demokratiske prosessar og bruka den erfaringa i byen vår og spreia det vidare i fylket vårt, seier skulesjef i Korosten, Mikola Veleshko.
Klarer dei å gjennomføra valet på ein demokratisk måte og spreia ideen om skuleval, kan samarbeidet mellom Ølen vidaregåande og dei 13 skulane i Korosten bli banebrytande.

Valdeltaking
– I Noreg er me blitt såpass sløve at me ikkje gidd å gå til valurnene, men i Ukraina er dei veldig lystne på å stemma. Dette er så nytt for elevane og dei er så gira på det, seier lærar Bjørn Gunnar Husby ved Ølen vidaregåande skule.
Han har hatt ansvaret for debatten og valet ved skulen. Saman med ei gruppe elevar skal han til Ukraina i mars for å hjelpa til med å organisera skulevalet i Korosten.
Husby viser til at Kjell Magne Bondevik og FN har uttalt at demokratiet er ei viktig eksportvare.
– Eg håper dette blir meir enn eit eingongs-eksperiment, seier Husby.