Det har skjedd mykje det siste året: Opptreden på by:Larm i Bergen og Øyafestivalen i Oslo, plateslepp, turné og mykje merksemd frå media er berre noko. Det meste har vore storslagent, med unntak av nokre avisoppslag om at Frøkedal dumpa tidlegare a-ha-medlem Magne Furuholmen. Den framstillinga likte ho ikkje.
— Det stemmer at eg blei spurd om eg ville spele med han, men det har blitt framstilt som at eg dumpa han. Det var ikkje heilt sånn det hang saman. Eg fann ut at det blei vanskeleg å vere med i hans band også, sidan me skulle sleppe plate samstundes. Det er Dharma som er mitt prosjekt, framhevar ho.
Stemmeprakt
Det er ikkje berre Furuholmen som har lagt merke til talentet Frøkedal. Den siste tida har den snautt tre år gamle gruppa Dharma verkeleg fått sitt gjennombrot, og få aviser skriv om bandet utan å nemne stemmeprakta til Frøkedal.
— Det er kjekt at folk liker stemma mi, men eg har ikkje tenkt så mykje på akkurat det, kommenterer ho, men gjer likevel eit forsøk på å beskrive kva som er særpreget:
— Eg har høyrd mest på rock og menn opp gjennom tida, så eg har nok ikkje ei utprega feminin stemme. Eg er lite forfengeleg som vokalist og ganske pragmatisk – eg gjer det eg synst eg må. Og så er det ein fordel at eg klarer å syngje same kor forkjøla eg er, og det har eg hatt god bruk for den siia ideen om skuleval, kan samarbeidet mellom Ølen vidaregåande og dei 13 skulane i Korosten bli banebrytande.
Valdeltaking
– I Noreg er me blitt såpass sløve at me ikkje gidd å gå til valurnene, men i Ukraina er dei veldig lystne på å stemma. Dette er så nytt for elevane og dei er så gira på det, seier lærar Bjørn Gunnar Husby ved Ølen vidaregåande skule.
Han har hatt ansvaret for debatten og valet ved skulen. Saman med ei gruppe elevar skal han til Ukraina i mars for å hjelpa til med å organisera skulevalet i Korosten.
Husby viser til at Kjell Magne Bondevik og FN har uttalt at demokratiet er ei viktig eksportvare.
– Eg håper dette blir meir enn eit eingongs-eksperiment, seier Husby.