Banekapasiteten sprengt

— Med den store aktiviteten som Skjoldar IL har, er banekapasiteten sprengt. Me står i […]

— Med den store aktiviteten som Skjoldar IL har, er banekapasiteten sprengt. Me står i fare for å måtte redusere aktivitetane og tilbodet til ungdommen dersom ikkje noko blir gjort snart, seier Ole Andreas Haraldseid.
Det er spesielt ved dårleg vêr at problema tårnar seg opp. Då kan den einaste banen som er ferdigstilt, grasbanen, ikkje brukast. Resultatet blir at alt må føregå på grusbanen. Det er ein ballbinge på Vikaneset, men den er eit nærmiljøanlegg som ikkje skal brukast til organisert aktivitet.
— Grusbanen er aldri blitt ferdigstilt, og er av dårleg kvalitet, seier Haraldseid.
— Kven er det som lir mest under dette?
— A–laget blir som regel prioritert. Det er veldig synd, men det går mest utover born og unge, seier han.
Ingen 400-meterbane
— Det som hadde vore ideelt er om me kunne fått til ein godt opparbeidd grusbane eller ein kunstgrasbane, seier han.
I Vindafjord kommune er det dårleg med løpebanar. På Vikaneset er det ein løpebane, men den er berre 330 meter, og treng sårt ei opprusting. Mange stader er topp–laget heilt vekke og ein må springe i singel og pukk. Ikkje akkurat ideelle treningsforhold for dei som driv med friidrett.
— Dersom ein leitar trur eg knapt det finst ein standard 400 meterbane i kommunen. Dette kunne vore noko og fått til i samband med ein ny bane. Då ville det blitt eit komplett anlegg, seier han.
Desse problema har Haraldseid lagt fram for kommunen i eit brev, men har ikkje fått nokon respons.