Bankane må ta ansvar

Når utlånsfesten er over og bakrusen er høge renter for lånetakarane, er det forbrukarane som […]

Når utlånsfesten er over og bakrusen er høge renter for lånetakarane, er det forbrukarane som må betale. Det er lite sannsynleg at vi får ein bustadkrakk der bankane får svi, men alt for mange som har tatt opp store lån til bustad, har, eller står i fare for å få trøbbel med økonomien.

Slepphendte bankar er i seg sjølv med på å drive prisane på bustader oppover, og det tapar huskjøparane på. Finansminister Kristin Halvorsen var før helga ute med peikefingeren og åtvara mot konsekvensane av store lån som ikkje står i forhold til inntekta.
Opposisjonen gir regjeringa skulda for renteauken, men det er lite sannsynleg at skattelette ville ha dempa presset på økonomien. Dersom ein ser tilbake, er ikkje forskjellane i politikk på dei områda som kan påverka renta, så store at det har betydning. Det normale er at ei regjering tar fram skrytet når renta går ned, og gir andre skulda når den går opp.

Derimot er det all grunn til å rette søkjelyset mot bankane når gjeldsproblema melder seg på grunn av høgare renter. Bankane er i det siste blitt meir varsame når dei skal låne ut, men det er ikkje lenge sidan dei ikkje spurde kva folk eigentleg hadde råd til, men kva dei ville ha. Mange har lånt over pipa og vel så det, og dermed har bankane vore dårlege rådgjevarar. Difor bør også bankane føle seg delaktige når folk får gjeldstrøbbel på grunn av auka rente.
For å skåne seg sjølv tilbyr kanskje banken å auke perioden for nedbetalinga. Men forskjellen på å betale ned ein million kroner på 20 eller 40 år, med dagens rente, er nettopp ein million kroner.