62 år er ein vanleg pensjonsalder for banksjefar. Det synest Harald Lindevik er høveleg. Han har avtale om at han skal gå av i juni neste år, når han når denne alderen.
— Ein grunn til den låge pensjonsalderen, er at me er i ei næring der me bør vera på hogget heile tida. Det er behov for nye og sterke krefter i blant.
— Hjelper det ikkje med erfaring?
Banksjefen smiler. Han har arbeidd i Etne Sparebank sidan 1967. I meir enn eit kvart hundreår har han sete som sjef. Nå annonserer han etter sin eigen etterfølgjar, og han er klar til å gje frå seg sjefsansvaret så snart den nye banksjefen er på plass.
— Eg kjem til å trappa ned med å systematisera stoff, og arbeida litt med kundar. Og så er det ikkje så lenge til 150-årsjubileet i 2010. Ei oppgåve eg vil ta på meg, er å førebu stoff til jubileumsboka, fortel Lindevik.
Ville til heimbygda
Harald Lindevik voks opp i Lindevik, i Frette krins i Etne. Han har gode minne frå skuledagane.
— Me gjekk på skulen annankvar dag. Slik var det alle sju åra. Eg trur det var ein veldig god måte. Då får ein gjera praktiske ting dei andre dagane. Eg blei aldri skulelei, fortel Lindevik, som legg til at Trygve Vinje var ein veldig god lærar. Dei hadde han i alle fag.
Etter tre år på økonomisk gymnas i Haugesund, fekk ungguten seg arbeid på Stordø Kisgruber, som løningskasserar.
— To gonger i månaden reiste eg med veska frå Litlebø til Leirvik, henta pengar, og delte ut. Annankvar gong var det akonto-beløp, og annankvar gong avrekning, minnest han. Etter eitt år på Stord, byrja han den førti år lange arbeidsdagen i Etne Sparebank.
— Kvifor søkte du deg hit?
— Eg er herifrå bygda. Det var eit mål å busetja seg her, fortel Lindevik, som har teke over heimebruket i Stordalen.
— Me har 20-25 sauer. Det er ei veldig enkel drift, forsikrar han.
Har aldri angra
Harald Lindevik har trivst godt i dei snart førti åra han har arbeidd i banken.
— Det har vore veldig interessant, og utfordrande arbeid i Etne Sparebank. Veldig gjevande. Me kjem i kontakt med mykje folk, og me har positive og stabile medarbeidarar.
— Har du aldri angra?
— Det har jo vore tankar om at det kunne har vore greitt og prøvd noko anna. Men bindinga til Etne Sparebank var positiv og sterk, svarar Lindevik, som poengterer at banken har hatt overskot absolutt kvart einaste år.
— Du har hatt mange bankstyre over deg i di sjefstid. Har du nokon gong kjent deg overstyrt?
— Nei, eg trur heller eg kan seia det slik at me har utfylt einannan. Styret har vore bevisst på oppgåvene sine. Me har hatt eit veldig godt samarbeid, seier Lindevik.
Vil til fjells
Lindevik har ikkje nokon spesielle prosjekt han brenn etter å koma i gang med når han trappar ned og etter kvart takkar for seg i banken.
— Eg er veldig glad i få koma meg til fjells, og stella med småbruket. Elles finn eg glede i samkvem ned familien og i samfunnet rundt meg. Eg håpar på at eg framleis får ha ei god helse, og at eg får halda meg i form. Så får me sjå kva det blir til, seier han.