Barna markerte starten

Ølen barnehage og Litlehagen barnehage var med på å markere oppstarten for Ølensjøen barnehage. Så […]

Ølen barnehage og Litlehagen barnehage var med på å markere oppstarten for Ølensjøen barnehage. Så er det også for dei den nye barnehagen blir bygt. I desember blir dei to barnehagane i Ølen historie. Ølen barnehage har eksistert sidan 1970-talet og Litlehagen barnehage vart opna i 1987.
Det var stor stas å få vere med ordførar Arne Bergsvåg i gravemaskina og ta det første jafset i jorda på tomta til den nye barnehagen bak Ølen vidaregåande skule. Anna Haaland (6) og Rikke Heggebø (5) frå kvar sin barnehage var dei heldige som fekk vere med i den første manøveren med ordførar Arne Bergsvåg bak spakane. Ingen av dei to jentene skal gå i den nye barnehagen sidan dei startar på skulen til hausten.
For personalet i barnehagane var det også ein spesiell dag med framtidsutsikter til ein ny og moderne barnehage. Spesielt Ølen barnehage er mogen for avskilting, og heller ikkje Litlehagen barnehage er ideell til formålet.
— Vi gleder oss til å få trivlege og lyse lokale samanlikna med dei gamle husa vi er i i dag. Det er likevel innhaldet som skapar ein barnehage. Ved å slå saman dei to barnehagane blir det fleire tilsette og eit større fagmiljø, seier Jenny Haugland, styrar ved Litlehagen barnehage.
Personalet får også ei omstilling ved at dei får ny arbeidsgjevar når Ølen kommune overfører barnehagedrifta i Ølensjøen til Trygge Barnehager AS, og dermed også dei tilsette.
Full dekning
Trygge Barnehager AS i Haugesund skal både byggje og drive Ølensjøen barnehage. Ølensjøen barnehage får fire avdelingar med plass til 74 barn, tre avdelingar for barn over tre år, og ei avdeling for barn under tre år.
Verken Ølen barnehage eller Litlehagen barnehage har småbarnsavdelingar i dag. Dei to barnehagane har til saman 45 plassar for barn over tre år. Kapasiteten blir dermed auka betrakteeg i Ølensjøen. Den nye barnehagen får 14,5 årsverk.
— Det blir ikkje problem med å fylle opp barnehagen og den er ein buffer for Ølensvåg der plassen er sprengt. Når det er ledige plassar i Bjoa og Vikebygd, kan vi snakke om full barnehagedekking i Ølen kommune, seier ordførar Arne Bergsvåg.
Stor aktør
Den nye barnehagen skal vere ferdig den første veka i desember, og entreprenøren har fem månader til disposisjon for å nå dette målet. Byggjeleiar Terje Velde i Trygge Barnehagar trur ikkje det blir problem med å få barnehagen ferdig på så kort tid.
— Vi har lang erfaring med å byggje barnehagar. Sjølv om det er kort tid, skal det gå fint, seier han.
Trygge Barnehagar er ein stor aktør i den private marknaden for barnehagar. Selskapet har starta til saman 193 barnehagar i 91 kommunar rundt om i heile landet.