Barnehage ein månad forseinka

Ifølgje Reidar Matre som er den næraste naboen til den kommande barnehagen i byggefeltet i […]

Ifølgje Reidar Matre som er den næraste naboen til den kommande barnehagen i byggefeltet i Ølensvåg, er ikkje tomta regulert til barnehage. Dette sa Matre til Haugesunds Avis sist veke. Ordførar i Vindafjord kommune, Arne Bergsvåg, meiner at feilen i sakshandsaminga er av meir formell karakter.
— Då den gamle reguleringskartet frå 90-talet vart digitalisert, forsvann dei tynne svarte strekane som viste meir detaljert plan av tomta. Bygginga vart stoppa, men dette er berre ein formalitetsfeil og den vert handsamma så raskt som råd, seier Bergsvåg.
Når det gjeld motstand frå naboane si side som ikkje vil at barnehagen skal byggjast der, svarar ordføraren me at området vart regulert til skule og barnehage før byggefeltet ovanfor tomta vart bygd.
— Heile tomta vart regulert til offentleg føremål med to underområde, eitt til skule og eitt til barnehage. På grunn av at områdegrensene på til dei to underområda forsvann på den digitale reguleringsplanen, vart den nye barnehagen teikna innpå begge underområde. Men dette er ikkje veldig stort problem, sidan begge underområde er regulerte til offentleg føremål, opplyser ordføraren.

Ein månad bak
Prosjektansvarleg for bygginga i Vindafjord kommune, Solveig Hortmann, meiner at stans av bygging vil forsinka levering av barnehage med omlag ein månad.
— Kommunen må søkja om mindre vesentleg reguleringsendring ved det kommunale planutvalet i kommunen. Men før søknaden kan sendast, må nabomeldingar med to vekers klagefrist sendte ut på nytt. Deretter vert søknaden handsama. Men det er litt vanskeleg å seia kor lang tid det vil ta. Det kjem an på om saka vert prioritert, seier Hortmann.