Barnehage i tre etappar

Gunhild Andersen Kopperud har vore styrar i Skånevik barnehage i åtte år. Ho fortel om […]

Gunhild Andersen Kopperud har vore styrar i Skånevik barnehage i åtte år. Ho fortel om store endringar i barnehagen på dei åra ho har vore styrar, men lite mot det Siri Eikemo fortel frå første tida med barnehage i Skånevik.
Det var i 1974 Skånevik Husmorlag opna barnepark i gamleskulen. Medlemmane i husmorlaget stod på for å få dette til. Dei kursa medlemmene. Fleire deltok i studiesirklar, og tre stykkje reiste til Oslo på kurs, der Astrid Nøkleby Heiberg, var sentral i opplæringa.

Hadde ikkje do
Barneparken hadde ope to dagar i veka, og første parktante var Reidun Grønfur. Ho var aleine med opptil 19 barn. Det var ingen do i det inngjerda området.
— Då dei skulle på do, måtte ho vere med dei til eit anna hus der doen var. Ein ting ho gjorde mykje av, var å telje barn, fortel Siri Eikemo.
Barneparken hadde ope fire timar per dag, av desse hadde dei lov å vere inne ein time. Barneparken held til i gamleskulen i to år, men så var det slutt. Skulen skulle brukast til andre føremål.

Mykje dugnad
Nå vart det eit opphald til 1979, då det vart kommunal barnehage. Innkjøpte brakker kom på plass i Doktorhagen.
— Det hadde vore mykje jobbing politisk før ein fekk dette til. Økonomien var heile tida slik at ein mellom anna hadde utlodding for å kjøpe inn sand til sandkassene, fortel Siri Eikemo.
Dei som stod i brodden då tomta til ny barnehage på Skålnes vart kjøpt, gjorde ein kjempejobb. Området rundt Skånevik barnehage er både stort og godt.
— Det er ikkje mange barnehagar som har så stort uteområde som her, seier styrar Gunhild Andersen Kopperud.
Både ute og inne er det slik at barnehagen har plass til fleire barn. Men per i dag er barnehagen full.
— Det er ingen ledige plassar med den betjeninga vi har i dag. Etter at vi for ei tid sida fekk utvida med åtte barn, har vi 36 plassar. Nå har vi 42 barn fordelt på heile veka, seier Kopperud.

Naturbarnehage
— Eit nytt tilbod er under emning. Barna frå tre år og oppover skal få gå i naturbarnehage tysdag og torsdag. Vi har fått lavvo på plass og ventar berre på litt meir utstyr før vi kan begynne. Dette gler vi oss svært til, fortel ho.
I dag har barnehagen ti tilsette fordelt på 6,7 årsverk.
— Vi har ein god blanding av tilsette med lang erfaring og heilt unge. Arbeidet i barnehagen er triveleg og vi har eit godt samhald.
Sjølv om det har vore store endringar i skåneviksamfunnet med nedlegging av blant anna hermetikkfabrikken, har søknaden til barnehagen vore god heile tida.
— Dette endra seg ikkje, og det er vi glad for, seier styrar Gunhild Andersen Kopperud.