Førre veke var Håvard Nordveit frå Vats med i Noregs G16-tropp som deltok i Nordisk meisterskap på Færøyane. Som debutant for landslaget var han kaptein i alle kampane, og lika rolla han fekk godt.
— Det var spanande og lærerikt, seier Nordtveit om landslagsdebuten sin. Under turneringa på Færøyane vann landslaget 5-0 mot Færøyane sitt 17 års lag, men tapte mot Sverige, England og Færøyane sitt 19 års lag.
— Det var litt dumt at me tapte, me hadde jo overtaket på dei heile tida, men det glapp mot slutten, seier han.
Etter ein dag fri etter han kom heim frå Færøyane var han tilbake på trening, og då saman med A-laget til FK Haugesund.
Tysdag vart han tatt ut til å spela i landslagstrøya nok ein gong. Den siste veka i august skal G16-troppen til Polen for å møta andre nordiske land.
— Det skal bli kjekt. Håpar i alle fall at me vinn noko meir enn me gjorde sist, seier den unge landslagsspelaren frå Vats.
Kaptein i landslagsdebut
Førre veke var Håvard Nordveit frå Vats med i Noregs G16-tropp som deltok i Nordisk […]