Både foreldre og styrar i Vikedal barnehage er lite nøgde med ordninga dei nå har med barnehage på to stader. Ei utbygging av småbarnsavdeling i tilknyting til barnehagen må på saklista snarast, krev dei.
Ei foreldregruppe på fem, er valt av foreldrerådet i barnehagen, fortel leiar for gruppa, Anja Våg Skjold og medlem Ingebjørg Rullestad Gjerde.
— Nemnda er valt for å jobbe for ny småbarnsavdeling i barnehagen. Vi er glade for ei førebels løysing i «Haraldhuset», som kom i haust, men denne må ikkje bli varig. Ikkje berre er dette huset alt for lite. Det står per i dag åtte barn under tre år på venteliste, desse krev 16 plassar. Men «Haraldhuset» manglar svært mange ting for å fungere som barnehage. Personalet har ikkje pauserom, toalett- og garderobeforholda er dårlege, pluss at tilkomsten er trafikkfarleg. Knapt ein bil kan parkere medan barn blir leverte og henta, utan at ein er rett ute i køyrebana. Særleg vanskeleg blir dette når ein har med så små barn å gjere, seier dei.
Ein barnehage
Styrar for Vikedal barnehage, Anna Elisabet Stølsmark, seier ho er glad for at det vart opna ei ny avdeling i haust. Denne gav betre barnehagedekning, men ho legg ikkje skjul på at ordninga er tungdriven, meir krevjande og dyrare for kommunen.
«Haraldhuset» er godkjent fram til august 2006, og foreldra spør om kva som skjer etter dette.
Dei legg fram tal som viser at fødselstala i Vikedal er svært stabile, og at trongen for barnehageplassar vil halde seg høge i åra framover.
— For å få folk til å busetje seg i Vikedal, og for å unngå fråflytting, er det nødvendig med eit godt barnehagetilbod, seier dei.
Å bruke ledig kapasitet i andre barnehagar i kommunen, meiner dei er ei dårleg løysing.
— Per i dag er det ingen ledige plassar i barnehagane i Sandeid og Ølen, og Imsland er eit dårleg alternativ då dei har ope berre tre dagar i veka.
Uvisst
Ordførar Reidar Håvås seier at det er opp til den nye kommunen å byggje ny avdeling til barnehagen i Vikedal.
— Har saka vore drøfta politisk?
— Det er den nye rådmannen som må ta avgjersla om ny barnehageavdeling i Vikedal blir med på budsjettet for 2006. Han legg dette fram 15. november. Kommunestyret skal handsame budsjettet 20. desember. Det er for tidleg for meg å seie om dette blir ei sak då, seier Håvås.