Barnevern

Naboar og kjenningar har berre godt å seia om mora og hennar kjærlege omsorg for […]

Naboar og kjenningar har berre godt å seia om mora og hennar kjærlege omsorg for barna sine. Dei var velstelte, heimen var ryddig og dei treivst i heimen og nabolaget. Ville så gjerne få vera i fred og bu hjå mor si. Lesevanskar skapte problem, fordi dei ikkje fekk den hjelp dei har rett på. Skulen svikta her. Rektor sender bekymringsmelding til barnevernet. Det har dei også fått frå faren. Kvifor? Er det hemn mot mora, eller omsorg for barna?
Dette bør klargjerast til framtidas beste. Hjarteskjerande å sjå og høyra «drama frå verkelegheita». Eitt år er gått. Korleis har mor og barn det? Det kan dei fortelje sjølve, og dei bør bli høyrt i det offentlege rom.
Sanning og rettferd har gode langtidsverknader. «Ærlegdom varer lengst». Som gode medmenneske bør me alle reagera. Dei involverte bør møtast med respekt og likeverd. Dagens tema i radioandakten var: «Modige møter, til oppklaring». Det bør me ta med. Lev vel. Ljos framtid.

Marit Bergheim