— Me gjorde vårt beste, men det heldt ikkje heilt i dette selskapet. Det var tydeleg at dei andre laga hadde lagt ned veldig mykje tid og pengar for å framstå så profesjonelle som mogeleg. Og det gjorde dei også til gangs. Me såg ut som dei reinaste amatørane til samanlikning, fortel lagleiar Johanna Opheim Evensen.
God marinade
Til slutt vart laget frå Ølen nummer 11 i konkurransen, med ein fjerdeplass for marinaden som beste einskildresultat.
— Det var nok langt under det me hadde håpa på. Samstundes lærte me veldig mykje denne gongen, og kjem gjerne att neste gong, seier Evensen. Når det gjeld innhaldet i marinaden, røper ho gjerne ingrediensane: Honning, sennep, kvitlauk, frisk koriander og sitronsalt.
God stemning
Dei langt fleste deltakande laga var heimehøyrande i Oslo og sentrale austlandsområde. Berre eitt lag utanom Catering Partner Grillteam frå Ølen stilte med eit reint jentelag. Her var karane så definitivt i flertal.
— Det var flott stemning heile laurdagen. Det starta alt tidleg om morgonen med rigging av grillen, og det vart raskt veldig varmt i Sofienbergparken. Sola stod midt på himmelen heile dagen, og det var mange kjekke folk som tok turen innom i finvêret. Arrangementet vart avslutta med fest på Smuget. Det var også heilt topp, fortel dei lokale grillhåpa, Johanna Opheim Evensen, Lise Heggen og May Bente Kvinnesland.
To juryar
Dei store kjøtstykka vart utdelte i Sofienbergparken, men alt anna hadde deltakarane med seg. Krydder, urter, grill og anna praktisk utstyr.
— Me leverte inn smaksprøvar til ein folkejury og dei profesjonelle domarane. Av spareribs, svinenakke, lammelår og ein grilltallerken. Særskilt den siste kategorien hadde me store forhåpningar til, men det var bokstavleg tala mange om beinet. Konkurransen var sylskarp, og det var nok små, små detaljar som avgjorde i vår disfavør, trur grillgjengen frå Ølen.
Full stopp
Men om konkurransen ikkje gjekk heilt etter planen, var det for ingenting å rekna samanlikna med opplevingane på veg heim, sundag ettermiddag.
— Me brukte bubilen vår fram og tilbake over Haukeli. Då fekk me alt utstyret med oss, og hadde eige hotell under opphaldet austpå. Men i bakkane opp frå Åmot var det slutt. Me fekk motorhavari, og det enda med at me måtte ta bussen heim. Slikt gløymer ein ikkje med det første, forklarer kvinna som til dagleg er førstekokk i Catering Partner, og som har mellom 500 og 600 mann i kosten hjå Westcon. Frukost, lunsj og middag. I tillegg til alt anna som selskapet tilbyr.
— Me er vane til å ha det travelt. Alle tre. Totalt har me 15-16 personar i arbeid. Mot slutten av månaden skal eg ha skikkeleg ferie til England. Saman med mannen Bent. I bubilen.
— Forhåpentleg er han fiksa til dess. Om ikkje får me låna oss ein annan. Englandstur vert det. Og heilt sikkert litt grilling også, smiler Johanna Opheim Evensen etter ei i overkant opplevingsrik helg austpå.