Ber om miljøoversikt ved AF Decom

Kari Aakra Skal statsråden bidra til å kartleggja dei samla miljømessige konsekvensane av AF Miljøbase […]

Kari Aakra

Skal statsråden bidra til å kartleggja dei samla miljømessige konsekvensane av AF Miljøbase Vats si verksemd med opphogging av oljeinstallasjonar i Vindafjord kommune, spør Kvassheim.

Kvassheim som siy i miljø- og energikomiteen på Stortinget, grunngjev det skriftlege spørsmålet med den lange debatten om situasjonen, og at det i seinare har utvikla seg ein diskusjon knyta til kvikksølvutslepp til vatn og utslepp av ballastvatn.

— Det verkar vanskeleg å få ein samla oversikt over dei samla miljøkonskvensane. Alle parter burde ha interesse av å få ei slik samla oversikt og ei uavhengig fagleg vurdering av korleis denne etableringa påverkar miljøet, skriv Kvassheim til miljøministeren, som vil gje svar innan torsdag neste veke.