Ber tynt i oppdrettskonflikt

Produksjonskonsulent Torgun Gjefsen og driftskoordinator Lars Heine Kåsa hos Alsaker Fjordbruk tok formannskapet i Vindafjord […]

Produksjonskonsulent Torgun Gjefsen og driftskoordinator Lars Heine Kåsa hos Alsaker Fjordbruk tok formannskapet i Vindafjord med til Apalvik og Ilholmane i Bjoafjorden for å informere om søknadene frå opprettsselskapet.
Politikarane har på førehand fått sterke signal frå opinionen på Bjoa om at dei ikkje ønskjer lakseoppdrett i fjordidyllen.
Alsaker Fjordbruk vil etablere lakseoppdrett både ved Apalvik og Ilholmane, og kvar for seg er dei 36.000 kubikk.

Stor lokal motstand
— Dette er eit spørsmål som har engasjert folk på Bjoa, og over 230 har skrive seg på ei protestliste. Skal det ha betydning at folk engasjerer seg i lokalsamfunn, så bør det få konsekvensar i denne saka. Folk som bur eller fiskar på Bjoa er redde for konsekvensane av slike anlegg. Dei er redde for villfisken i fjorden. Dimensjonane er også store når ein ser at anlegget ved Apalvik vil bli 28 gonger større enn grusbanen vi har på Bjoa, seier Ingrid Steinsland, formannskapsmedlem frå Bjoa.
Det er synspunkt Agnar Naustdal i grendeutvalet på Bjoa deler. Dei meiner anlegg kan gjere det mindre attraktivt å bu eller feriere på Bjoa og bli negativt for turismen.

Ber tynt
Formannskapet i Vindafjord er samstemt om at søknadene bør vente til etter at Vindafjord kommune er ferdig med kystsoneplan for gamle Ølen kommune. I denne delen av den nye kommunen er ikkje bruken av sjøområda prioritert i ein plan, og kommunen står svakt dersom det er aktuelt å fråråde etablering av fiskeopprett.
Sjølv om formannskapet er samstemte i at Fiskeridirektoratet bør vente til kommunen har fått på plass ein kystsoneplan, sa både ordførar Arne Bergsvåg (Sp) og Terje Halleland (Frp) at dei er positive til at lakseoppdrett skal kunne etablere seg i Vindafjord.

Prisgitt direktoratet
— Vi er eit parti som ikkje er mot opprett. Men ein må vurdere fleire interesser mot kvarandre. Difor bør ein utsetje til det er gjort i kommunen, sa Bergsvåg.
Men Fiskeridirektoratet har ikkje berre sympati for kommunar som i praksis har lite dei skal ha sagt fordi det ikkje er laga kystsoneplan. I praksis betyr det at kommunen har forsømt seg.
— Vi skal diskutere om det er aktuelt å vente på ein slik plan før søknadene blir behandla. På den andre sida har kravet om plan for sjøområda eksistert i svært mange år. Kommunen har ikkje ein plan i dette området, og det er utganspunktet for vår saksbehandling, seier Sigmund Låte, rådgjevar i Fiskeridirektoratet region sør.
— Vi må også vurdere oppdrettaren sitt behov for ny lokalitet, og om det er forsvarleg å vente, seier Låte.
Utgangspunktet er dermed at kommunen stiller ganske svakt dersom Fiskeridirektoratet vil ri lovparagrafane sine.

Notlag og villaks
Dersom Fiskeridirektoratet overser ønsket frå kommunen, går saka på høyring til andre instansar som Mattilsynet og Fylkesmannen. Både Etne jeger og fiskerforening, Etne elveeigarlag og Norges jeger og fiskerforbund i Hordaland er negative på grunn av risiko for villaksen som må passere for å kome seg blant anna i Etneelva.
Kåre Heggebø i Sør-Norge Notfiskarlag seier dei går mot anlegget ved Apalvik på grunn av låssettingsplassar. Ilholmane lengre ute berører derimot ikkje deira interesser.