Endå meir uforståeleg er det at utspelet kjem frå – av alle – landets helseminister. Dette må då vera det mest helsenedbrytande framlegget som nokon gong har kome frå ein helseminister!
Sylvia Brustad grunngjev utspelet med at regjeringa vil sikra ein god og rettferdig tilgang på Vinmonopolet sine varer over heile landet.
Kva som er «god og rettferdig tilgang» har alltid vore og vil alltid vera relative omgrep. I mine 8 år som medlem av styret for AS Vinmonopolet i 1980 og 90-åra, var dette stadig eit aktuelt diskusjonstema. Den gongen var talet på utsal langt under 100.
Full «rettferd» kan ein aldri oppnå i slike fordelingsspørsmål som går på geografi. Sjølv bur eg i ei bygd som ligg 3 mil unna kommunesenteret. Er det då «rettferdig» at me ikkje får polutsal i vår eiga bygd? Ein kvar ser at ein slik tankegang er umogeleg.
Nei, her er Sylvia Brustad og regjeringa på ville vegar. Det er til overmål dokumentert av Verdens Helseorganisasjon (WHO) at auka tilgang på alkohol gir auka forbruk. Ja, det er til overmål dokumentert at ei dobling av forbruket fører til ei 4-dobling av skadeverknadenend, Anne Marte Waage Tveit frå Skjold og Siv Bente Stople Østbø frå Ølen. Mykje kan tala for å få inn sistnemnte for å auka talet på representantar frå Ølen. Anne Gro Magnus frå Vikedal er også ein aktuell kandidat.
Tre kvinner
I følgje Reidar Håvås kjem Ap til å stilla med Håvås sjølv og Marit Aga Hustvedt frå Sandeid som representantar i formannskapet.
— Viss me gjer det på rett måte får me inn tre kvinner, seier Reidar Håvås (Ap) om samansetninga i formannskapet.
Terje Halleland (Frp) meiner det må vera viktigare å få til eit breidt samarbeid mellom partia enn å sjå på kjønn og geografi.
— I utgangspunktet sit eg som gruppeleiar og partiet vil ha meg inn i formannskapet, men dersom det er kvotering som må til for at Frp skal bli representert i formannskapet, gjer me det. Me kan fort bli tvungne til å ta ei slik løysing, men det er ingen ønskesituasjon, seier Halleland. I så tilfelle kan det bli Gerd Kvamme frå Ølen som kjem inn for Frp dersom partiet får bli med i formannskapet.
Må ha hjelp
Med fem kommunestyrerepresentantar kan Høgre krevja ein representant i formannskapet, men må ha hjelp for å få inn to. Etter alt å dømma kjem ordførarkandidat Dagfinn Torstveit frå Nedre Vats inn. Spørsmålet er om han vik for ei kvinne og ein ølensbu, Tone Irene H. Hatteland.
I følgje Oddvar Haugland (KrF) har ikkje partiet drøfta kven dei vil prøva å få inn i formannskapet, men uttalar at det ikkje er unaturleg at det blir han.
Kvar av dei tre bygdelistene står ikkje sterkt nok til å få inn ein representant kvar. Dersom den matematiske teorien blir reell med at to bygdelister samlar seg om ein formannskapsrepresentant, er spørsmålet kven av bygdelistene som må vika. Dersom Vikebygd og Bjoa blir samde, er det grunn til å tru at Ingrid Elise Steinsland frå Bjoa kjem til å stilla sterkt. Ho sit i dag i formannskapet i Ølen, i tillegg til at ho fekk fleire stemmer enn Gunn Vikingstad frå Vikebygd. Terje Egil Kleiven frå Tverrpolitisk liste for Vats/Skjold er heller ikkje uaktuell, trass i at Skjold truleg blir representert med Håvås. Skjold er den største tettstaden i gamle Vindafjord.
Alkoholpolitikk utan sans for skadeverknader
Endå meir uforståeleg er det at utspelet kjem frå – av alle – landets […]