Berre kr. 19.990

Ja, du har faktisk gjort så godt kjøp at du kan unne deg ny flatskjerm […]

Ja, du har faktisk gjort så godt kjøp at du kan unne deg ny flatskjerm til «berre» 7.999. Handleturen avsluttar du gjerne med innkjøp av juletre der edelgrana står og vinkar med ein prislapp på 499. Trass i at tiøringen forsvann for fleire tiår sidan lever den i beste velgåande i dagligvarehandelen der du knapt finn ei vare som ikkje prisa med nitti øre. At alle kalkylar skal ende på ni kroner eller nitti øre, er rett og slett imponerande. Fagfolk i bransjen har imidlertid funne det bevist at publikum reagerer positivt på slik prissetting. Da er det vel og bevist at vi som kundar er både lettlurte og naive. Trøsta får vere at kan hende er «dumskapen» like stor på andre sida av disken.
Vi set oss gladelig i bilen og kjører fleire mil om prisen er ein smule lågare ein annan stad enn i nærbutikken. Fortenesta på den handleturen ser vi først når bensintanken er tom. Om vi er både naive og lettlurte går vi alle snart inn i årets største høgtid, og da må vi vel kunne unne oss litt ekstra. Nyt difor ribba til kr 39,90 og pinnekjøttet til kr 139,90 med største velbehag. Skulle du bli døsig og trøtt etter maten kan du med stor tilfredshet strekka deg ut og ta ein velfortent kvil på den nye og «billige» sofaen. GOD JUL.

Asbjørn Lervik