Vallaken har gjort jobben sin i avl. Men den pensjonerte hingsten er likevel ingen annanrangs hest, meiner Olav Spanne som er leiar i Nordlandshest/lyngshest i Rogaland og Agder.
— Det er ikkje så vanleg med utstillingar med vallakar sidan dei ikkje blir brukte i avl lenger. Mange av dei har vore gode avlsdyr. Det er fine hestar å ha fordi dei er rolege, forklarer Spanne frå Klepp.
Stabile og rolege
Han hadde regien på den første vallakutstillinga her i distriktet som vart avvikla hos Lærdal ponnistall i Sandeid på laurdag.
— Eg har rideskule på Klepp og vi brukar berre vallakar fordi dei er stabile og rolege. Det er mange fine hestar her som får gode karakterar, seier Spanne.
Det var fem ulike hestetypar som deltok på utstillinga, men sidan det var få hestar, vart alle slått saman i ein klasse i denne kåringa.
Dommarane Torstein Gudmestad og Leif Bryne frå Klepp stod igjen med tre hestar med like høg poengsum til slutt.
Drog lengste strået
Ingvild Fenne med islandshesten Eir drog til slutt det lengste strået. Eigarane av den 13 år gamle vallaken er Magrethe og Harald Leifsen i Vikedalsdalen.
— Det var veldig kjekt at han vart kåra til dagens hest på utstillinga. Men så er det ein fin hest. Det er denne hesten er har lært å ri på, i fem-seks år, fortel Ingvild Fenne.
Vendelin Fatland frå Sandeid vart kåra til dagens mønstrar med varmblodshesten Megas. Dei var med andre ord det tospannet som viste seg best fram på utstillinga.
— Det er første gongen eg er med på utstilling. Eg har hatt hesten i eitt og eit halvt år, fortel Vendelin Fatland.
Ranveig Mattingsdal i Lærdal ponnistall som var vert for utstillinga, fortel om at det er aukande interesse for hest i distriktet. Dei har åtte eigne hestar i stallen og er i ferd med å byggje opp eit ridesenter.