Betre enn serieleiaren

4. divisjon Etne stadion Etne–Klebe 1-1 (1-1) 1 -0 (15. min) Alfi Stokka 1 -1 […]

4. divisjon
Etne stadion
Etne–Klebe 1-1 (1-1)
1 -0 (15. min) Alfi Stokka
1 -1 (22. min) Eivind Aastvedt
Gult kort: Helge Stokka
Dommar: Terje Holm, Djerv 1919
Omlag 40 tilskodarar

Klebe opna kampen best, dei hadde god kontroll og var sikre med ballen. På ein av sine første sjansar viste dei også sin effektivitet og scora. Etter baklengsmålet tok det ikkje lang tid før Etne tok seg sjølv i nakken og kom på høgde med serieleiaren. Sju minuttar etter at baklengsmålet var eit faktum, utlikna den unge måltjuven Eivind Aastvedt for Etne. Stian Amundsen skal også ha sin del av æra for at det vart utlikning. Det var han som kriga til seg ballen på midtbanen og spela Aastvedt i gjennom. Rett før pause hadde Thomas Rullestad i Etne–målet to fine redningar som heldt Etne inne i kampen.

Thriller–avslutning
Etne–trenar Martin Moe gjorde tre byte i pausen. Ut gjekk Henrik Svendsen, Øyvind Eljarvik og Martin Heggelund, inn kom Kjetil Bjørgen, Ove Straumsøy og Ronny Moe. 2. omgangen starta med jamt spel. Etterkvart overtok heimelaget meir og meir. Dei siste ti minuttane av kampen vart utruleg spennande. Publikum var høgt og lågt. Ti minuttar før slutt utmerka Kenneth Hegerland seg med ein veldig god forsvarsjobb. Han redda Etne frå at Klebe fekk ein aleine mot keeper–situasjon. Det som skjedde i sluttminuttane står truleg att som eit mareritt for angrepsspelarane til Etne. Dei feila på fire –fem hundre prosent sjansar. Ballen ville rett og slett ikkje i mål, og frustrasjonen auka både på banen, benken og tribunen. Etne hadde heilt klart fortent dei tre poenga, men for å vinne må det scorast mål.