Dette er noko som varmar på denne årstida, der nokon tenkjer på oss. Der me har sett fram til at sola snur, og til denne jule- og nyttårs feiringa, der denne julefeiringa betyr så mykje for oss der mange blir samla til god mat og drikke.
Det er og slik at då skal småfuglane og ha noko ekstra, og dyra med.
Men desse store fuglane, måsen, kråko, sjoro, og villdyra dei må klara seg sjølv, utan ei helsing eller noko ekstra.
Det var og slik før då sette dei ut graut til «Nissen» for dei som trudde på han, hadde det minka på fatet var det vel andre gnagarar som hadde vore ute og fått seg litt i skrotten.
Det er slik, ein skal tenkje på andre, i gode og vonde dagar, i einsame stunder, og saman med andre.
Det var som ein sa ein gong, han hadde vore gift i mange år. Det var hennes lykke og hans lagnad og slik er det vel med det meste rundt om. Der denne gamle mannen sette og namn på denne svigerdottera si, ho fekk namnet «Lykke».
Ove Wiland
Skånevik