Det luktar nybakt i Frøvikhuset. Anita Øvstedal tar ut eit brett med bollar, medan kaffitraktaren står og putrar. Ho er bibliotekar og bakstekone på same tid. Bakverket set ho fram til sjølvforsyning, og lar folk leggje pengar i ei skål, medan ho sit ved eit bord og tar seg av innlevering og utlån av bøker.
I Vikebygd har dei det siste året hatt eit bibliotektilbod utanom det vanlege. Då Frøvikhuset stod nyrestaurert for kring eitt år sidan, var bibliotekfilialen i Vikebygd i ferd med å bli lagt ned. Ideen om bibliotek i det gamle huset frå 1840 dukka opp, og eigarane av huset, Anita Øvstedal og sambuar Jakob Rødde, tok utfordringa.
— Me innreidde først berre eine enden i andre etasje, men då det blei bruk for meir plass, tok me andre enden av huset i bruk også, fortel Øvstedal.
Det er snikra hyller i to rom oppe, og der står bøkene tett i tett.
Fornyar samlinga
— Me har leigd ut kring 1000 bøker det siste året, held Øvstedal fram.
Ei boksamling etter den gamle bibliotekfilialen i Vikebygd blei flytta over til Frøvikhuset, og det har også kome nokon nye bøker til.
— Me må fornye oss litt, og har kjøpt litt av midlar frå kommunen, seier Øvstedal.
Ølen kommune støttar bibliotekdrifta med ein beskjeden sum, men bibliotekinnehavarane har også vore så heldige å få ein heil del barnebøker frå ein bokhandel i Haugesund.
Frøvikhuset opnar bibliotekdøra kvar onsdag klokka sytten og stengjer igjen klokka tjue. Få minutt etter at klokka er slagen byrjar dei første å kome.
— Det har blitt ein fast gjeng som kjem, men det brukar også alltid å kome nokon nye, seier Øvstebø.
Det er litt færre som samlar seg framfor bokhyllene denne onsdagen, samanlikna med det som er vanleg. Fleire har nok prioritert juleførebuingar denne desemberkvelden, trur Øvstebø. Nokon av stamgjestene kjem likevel, og både bøker, bakverk og kaffi går unna. Langs hyllene går Sven Årvik, Kirsten Bjørnevik og Georg Barane og ser etter nye historier dei kan gje seg i kast med. Årvik har funne ein roman av Ingvar Moe som han trur han vil lese, medan Bjørnevik held på å lese ein serie. Ho finn to nye bøker av den. Årvik fortel at han les kring tre bøker i veka, og han var også mykje på biblioteket før den kommunale filialen i Vikebygd blei lagt ned. Dei tre synst det er godt dei slepp å reise heilt til Ølen for å få tak i bøker, og dei er nøgde med utvalet i Frøvikhuset.
— Det er nok av bøker, men ein del av dei me hadde her før har forsvunne til Ølen, kommenterer Barane.
Dei er samde om at det slett ikkje berre er bøkene som trekkjer dei til Frøvikhuset om onsdagane.
— Me kjem for å drøse og drikke kaffi, seier Barane.
— Det er gode kaker her, legg Bjørnevik til.
Etter at dei har stempla ut bøkene dei har lese, og registrert nye bøker hos bibliotekar Øvstedal, set dei seg kring eine langbordet.
Det har etter kvart kome fleire til, og nokre finn også plass i salongen i Frøvikhuset. Øvstedal fortel at det stort sett er pensjonistar i den trufaste gjengen som kjem kvar onsdag. Dei har blitt ein samansveisa gjeng, og denne veka vil dei til og med ha julebord i Frøvikhuset.
Det forhindrar ikkje at også yngre finn vegen til biblioteket, og i trekassar ligg haugar med barnebøker som dei yngste forsyner seg av.