Gurine Blikra har to fjordingar ho ofte er ute i trafikken med, både med og utan vogn. For å kome nokon stad med hestane, har ho som oftast første etappe på E134 i Ølen sentrum. Trass i fartssone på 50 kilometer i timen, opplever ho stadig utolmodige bilistar som tar sjansar og utset både hest og eigar for fare.
Føler seg pressa
— Det har ikkje skjedd noko alvorleg enno, heldigvis. Det er ikkje lenge sidan ein bil sneia med spegelen nokre centimeter frå foten min då eg sat oppå hesten. Det er både uansvarleg og ulovleg. Bilistar skal vise omsyn til andre i trafikken. Det skjer alt for ofte at dei tar sjansar i høve til det som er trygt, seier Gurine Blikra.
Ho synst det urimeleg om hesteeigarar blir pressa ut av trafikken fordi andre på vegen ikkje tar omsyn.
— Av og til blir vi pressa ut i grøfta. Det er ikkje kjekt. Hesten har like stor rett til å vere i trafikken som bilane. Det er ikkje til å unngå at ein må ut i trafikken av og til.
Ho lurer litt på kvifor bilistane er så utolmige. Ho har inntrykk av at trailerar og andre oppfører seg meir etter boka når dei møter ein hest i trafikken. Det er ikkje uvanleg at bilistar bryt trafikkreglar for å kome seg forbi.
Legg til rette
— Bilistane bremsar ofte opp, men så gir dei full gass så fort dei kan for å kome forbi. Dei har ikkje tid til å vente på ein eigna plass, eller at eg legg til rette for passering ved å køyre ut i ei busslomme eller liknande, seier hesteeigaren.
Ho meiner sindige hestar har hindra at det har skjedd uhell i hennar tilfelle når dei blir pressa i trafikken.
— Eg tar omsyn til andre trafikantar ved å leggje til rette for at dei kan køyre forbi. Det gjer eg så fort eg kan, men det er ikkje alltid det lar seg gjere med ein gong det kjem ein bil bak. Men mange har visst ikkje tolmod til å vente. Når eg rir, er eg ute på den kvite stripa langs kanten, seier 20-åringen.
Er eit køyretøy
Gurine Blikra har både sjekka opp i Vegtrafikkloven og kontakta lensmannskontoret om hesten sin plass i trafikken. Og reglane er klare: hesten er å sjå på som eit køyretøy i trafikken, også når hesten blir leia. Difor kan hesteeigaren ikkje bruke fortau, gangstigar og liknande som er berekna for mjuke trafikantar.
— Eg har brukt både fortau og gang- og sykkelstigar får å føle meg trygg i trafikken. Pluss at det blir færre konfliktar med andre køyretøy. Men det har eg altså ikkje lov til. Difor skal eg berre bruke vegbana heretter, og håpe på at bilistane kan ta meir omsyn, seier ho.
Ho har alltid solid med refleks på hesten slik at han skal vere godt synleg når mørket faller på.
— Vi må framleis kunne ha dyr i samfunnet vårt, og då må alle partar leggje til rette for det. Ein må også hugse på at hestar ikkje er maskiner, og difor må ein ta ekstra omsyn, oppfordrar Gurine Blikra