— Det ser ganske dramatisk ut, seier Lars Ketil Flesland, dagleg leiar i Haugaland Landbruksrådgjeving, etter å ha sett skogen langs riksvegen i Tungesvik.
Eit stort område av orskogen er brun, og minner meir om haust enn om sommar. Også på Åsheim i Skånevik og på Kvammen i Stordalen er den brune skogen observert.
— Det skuldast truleg stripet orebladbille, seier Flesland.
Larvane byrjar å eta på hinna på undersida av bladet til dei til slutt sit att med nerva. Larva er tre-fire mm lang og går berre på orskog.
Klimaet
Også Berit Hovland, forskingsteknikar ved Bioforsk, stadfestar at det er ei orebladbille.
— Skaden liknar på skaden til fruktbladveps, men dette er orebladbille, seier ho, etter å ha sett bilde av larvane.
— Det er ikkje farleg utanom at dei same trea blir råka fleire år på rad. Då vil trea etter kvart gå tomme for næring og vil dø, seier Flesland.
Den konkrete årsaka til at billa dukkar opp er litt uklar, men slike insekt dukkar opp år om anna. Flesland seier det har med klimaet over fleire år å gjera, men trur ikkje at det skuldast klimaendring eller forureining.
Ikkje i Vindafjord
Flesland meiner at billa ikkje kjem til å spreia seg meir i år.
— Insekta som har lagt desse egga er sikkert døde for lenge sidan, men til neste år kan ein ikkje utelukka at dei spreier seg til andre stader eller kjem igjen same stad, seier Flesland, som understrekar at det ikkje nødvendigvis skjer.
Flesland har ikkje fått melding om liknande hendingar andre stader på Haugalandet i år. Heller ikkje ved landbruksavdelinga i Vindafjord kjenner dei til at skog skal ha blitt ramma i kommunen.
Bille et opp skogen
— Det ser ganske dramatisk ut, seier Lars Ketil Flesland, dagleg leiar i Haugaland Landbruksrådgjeving, […]