Billig bytur med buss

Ikkje verst! Då eg reiste med buss til arbeid i Haugesund for 3-4 år sidan, […]

Ikkje verst! Då eg reiste med buss til arbeid i Haugesund for 3-4 år sidan, rekna eg ca. kr 150 pr. dag. Med den prisen Kolumbus no opererer med kan det løne seg å setje att bilen endå om ein er fleire i lag. Og tankane mine spann vidare: Enn om 10 % av alle dei som køyrer seg sjølv og matpakka til Haugesund kvar dag sette seg i ein buss i staden – kor mange ekstra bussruter kunne me få då? Kanskje nok til at nokre av dei kunne vere ekspressruter også frå litt ute i distriktet? Slik at me som er travle vaksne midt i livet, og der tida er ein minimusfaktor heller kunne kjøre 5 – 10 minuttar, og så sove oss fram resten av vegen i bussen..
I tider med det store klimaspøkelset hengande over oss kan ein jo drøyma – eller spekulera. Ingen kan gjere alt – men alle kan gjere litt. Og sjølv om bilkjøring er som peanøtter å rekne i høve til alle flyreisene veit me at det er god samfunnsøkonomi å redusere kjøring på stadig meir belasta vegnett. Men skal buss vere eit reelt alternativ til dei av oss som stadig bruker bilen på arbeidsveg må det vere ei tilpassing til denne gruppa sine behov. Sjølv ville eg ønskje lite grann meir komfort enn det nokre av bussane har no. At seteryggen kan regulerast, og tilpassast ulike vaksne kroppar. At det er leseljos over setet for dei som ønskjer å lese arbeidsdokument eller ei god bok. Men det kan likevel vere verdt å undersøke rutetidene og ta ein prøvetur eller fem – medan me ventar!

Kari Vik Stuhaug