Gjer stas på abonnentane

LLA sine over 100 medlemsaviser har eit samla opplag på over 315.000. Det vil seie […]

LLA sine over 100 medlemsaviser har eit samla opplag på over 315.000. Det vil seie at dei kvar veke blir lesne av om lag 950.000 lesarar landet over.
I over ti år har lokalavisene hatt ein samla opplagsauke, og dei utgjer ein nyttig og truverdig mediekanal over heile landet.
Nå rapporterer desse avisene også om auka annonseinntekter. Den positive utviklinga skuldast solid arbeid av få, men dyktige medarbeidarar i lokalavisene.
— Lokalavisene våre har tre viktige kjenneteikn som er minst like aktuelle i dag som i går. Dei er arena for lokal debatt, dei stimulerer det lokale kulturlivet og dei er limet som bind folk saman i lokalmiljøa landet rundt. Lokalavisene er dessutan ein nyttig marknadsplass både for lokale og nasjonale annonsørar, seier styreleiar Asta Brimi og generalsekretær Rune Hetland i LLA.
Ølen senter
Grannar markerer Lokalavisdagen med stand på Ølen senter fredag med blant anna kampanjetilbod på abonnement. Dei som tipsar om nye abonnhøgste grad levande. Noko av det som Lillian Sørensen er mest nøgd med er at dei har eit så flott idrettsanlegg.
— Eg synest spesielt klubbhuset er veldig flott. Dessutan har me ein bra fotballbane, og temmeleg nyopprusta løpebane, seier ho.
No for tida er det fleire krefter i sving for å byggja ein ballbinge. Det vonar idrettslaget dei får til i samarbeid med skulen. Den største utfordinga idrettslaget har i framtida trur ho er å klare å engasjere alle aldersgruppene i bygda. Sørensen meiner noko av grunnen til at det er dårleg rekruttering til dei ulike idrettane, er at ungdomsskulen er flytta til Ølen. Ungdommane finn seg venner og fritidsaktivitetar der.
— Innsatsen vår må for all del ikkje slokna, då ligg idrettslaget dødt om ikkje lenge, seier ho på klingande vossedialekt.
Laurdag vert jubileet markert med aktivitetsdag og dans på kaien.