Bjørnar Larsen imponerte i terreng-NM

— Eg er kjempefornøgd både med løpet og plasseringa. Var før start klar over at det […]

— Eg er kjempefornøgd både med løpet og plasseringa. Var før start klar over at det ville bli vanskeleg å hevde seg i dette selskapet. Eg konkurrerte trass alt mot gutar som er to år eldre enn meg. Alle dei tre som slo meg er 1985-modellar. Det var ingen av dei som er eitt år eldre som passerte målstreken før meg. Sånn sett bør det vere mogleg å kjempe om pallplassering neste år. Sjølv om eg satsar på langrenn, er det moro å konkurrere i sommarhalvåret.  Eg synest det er både fin avveksling og god trening, seier Haugesund-løparen frå Sandeid.
Fjerdeplass bonus
Bjørnar var med i tetbildet i fire kilometer. To løparar stakk frå då to av dei tre rundane var unnagjort. Joakim Brøndbo (Mosvik) og Bjørnar Larsen fekk fartsproblem.
— Eg hadde håp om bronsemedalje då vi la ut på den siste runden. På det tidspunktet følte eg meg fortsatt sprek. Men eg hadde ingen sjanse til å hamle opp med Brøndbo i spurten. Han er baneløpar og har eit heilt anna steg. Denne gongen blei det avgjerande på dei siste meterane. Eg er likevel ikkje skuffa sjølv om eg hamna utanfor sigerspallen. Fjerdeplass i dette selskapet er bonus for meg. Eg fekk i dette noregsmeisterskapet vist at formen er god. Det er ingen tvil om at eg har fått betalt for treninga eg har lagt ned i sommar og haust. Det har blitt litt mindre løping enn tidlegare. Rulleski og styrketreningsbiten har fått større merksemd etter at eg begynte på Hovden, sa Larsen.
Aktuell for Nordisk
Norges Friidrettsforbund sine representantar let seg imponere av skigymnasiasten sine prestasjonar. Dei vil nå ha NM-debutanten med til Nordisk Meisterskap i Danmark i midten av november. Dei har bede han stille i Furomomila som går i neste månad. Bjørnar er ikkje framand for å ta turen til Danmark. Men er meir skeptisk på å konkurrere i november.
— Det er naturlegvis freistande å takke ja til ein slik førespurnad. Eg ønskjer likevel å ha full fokus på langrennssesongen når kalenderen viser november. Har lite lyst til å ta vekk det fokuset. På Hovden vil det neppe vere gode løpsforhold i oktober og november. Dermed vil eg heller ikkje få førebudd meg optimalt til ein eventuell Danmark-tur.
— Betyr det du seier nå at du i realiteten har bestemt deg for å droppe Nordisk Meisterskap?
— Det er små sjansar for at eg spring i norsk landslagsdrakt der, seier Bjørnar Larsen, som nå går inn i den tøffaste og mest intense treningsperioden. Dei kommande vekene skal han trene to økter nesten kvar einaste dag. I denne perioden skal grunnlaget for ein lang og hard sesong leggjast. Larsen gleder seg til å komme i gang. Det er renna som er drivkrafta når han i time etter time spring eller går på rulleski.
— Eg har aldri vore så motivert som nå, seier Larsen. Sambygdingen Roy Kaldheim måtte ta til takke med tiandeplass i seniorklassen. Eit fall på førsterunden spolerte mykje av løpet hans.