Bjørnar valte feil skipar

— Eg tok eit par som var alt for mjuke. Det var dårleg glid på […]

— Eg tok eit par som var alt for mjuke. Det var dårleg glid på dei då det begynte å striregna, sa Bjørnar til Grannar. Han var svært så revansjelysten søndag. Vindafjord-løparen hadde førebudd seg godt til den doble jaktstarten. Skuffinga var derfor stor då han fekk beskjed om at rennet var avlyst. Grytidleg søndag morgon tok Teknisk Delegert (TD) og rennleiinga avgjerda. Då stod heile langrennsarenaen under vatn. Dei mente det ikkje var sportsleg forsvarleg å arrangere skibyte i duathlonøvinga der. Dermed blei det ein tidleg retur på Bjørnar og dei andre skigymnastane på Hovden. Rett etter frukost tok dei fatt på den lange heimturen.
— Vi brukar vanlegvis å overnatte på Lillehammer etter noregscuprenn, junior-NM og andre nasjonale renn i Trøndelag. Nå bestemte leiinga at vi skulle kjøre heilt heim, fortel Larsen.
Denne vinteren er han førsteårs eldre junior. Det inneber at han må finne seg i å måle krefter med dei som er eitt å eldre. Berre tre av 18-åringane heldt større fart enn Larsen på den krevjande tikilometeren. Junior-VM er framleis eit mål. for å komme til Slovenia må han gå fort i dei to siste VM-uttakingsrenna. Den første helga i januar reiser han til Stokke for å kjempe om noregscuppoeng og VM-billett.
— Eg må nok inn blant dei fem beste for å komme med til Slovenia. Føler det er realistisk dersom eg held meg frisk og får trent bra framover. Det bekymrar meg litt at det er så dårlege snøforhold. På Hovden har også mesteparten regna bort i helga. Eg kjem til å avvente i nokre dagar. Dersom det ikkje blir skiforhold, kjem eg til å oppsøke snøen. For mitt vedkommande er det viktig å få kontinuitet i skitreninga framover, seier Bjørnar Larsen. Det kan bli ein kort juleferie i heimbygda i år. for uteblir snøen, vil hybelen bli flittig benytta i jula.
— Eg reiste opp til Hovden andre juledag i fjor. Det kan hende eg følgjer same resept i år. Det skal godt gjerast at det ikkje er snøforhold øvst i Setesdal på denne tida, seier Bjørnar.