Blanda drops i Sandnes

Sist veke var nemleg juniorskyttaren frå Vindafjord og Erlend H. Vikedal, Vikedal skyttarlag sentrale aktørar […]

Sist veke var nemleg juniorskyttaren frå Vindafjord og Erlend H. Vikedal, Vikedal skyttarlag sentrale aktørar i lagkonkurransen under Landsskyttarstemnet i Sandnes. Saman med to karar frå Bømlo, skulle dei forsvara Sunnhordland skyttarsamlag sin 2. plass frå Oppdal i fjor. Og kvartetten leverte også denne gongen framifrå presisjon. Etter at alle fire hadde vore i aksjon, stod laget att med smått fantastiske 398 poeng. Av 400 moglege. Anne Mai Jekteberg fekk 99 på sin serie. Og det ein kne-skotet vart målt til 9,9. Resten var på rett side av tiar-streken. Så lite skilde laget frå gullmedaljane.
– Vi må likevel vera godt nøgd med dette, meinte den sindige Vindafjord-skyttaren, som har for vane å gjere det svært så skarpt når det lir mot landsstemne.


Tapte omskytinga

Anne Mai og bømlingane Johan Eidesvik og Rune Monsen var alle tre med på fjorårets lag som sikra historiske sølvmedaljer til det lokale samlaget. Denne gongen klarte også Erlend H. Vikedal å kvalifisera seg til ein av dei fire plassane på laget. Det gjorde han ikkje minst etter solid innsats på den innleiande baneskytinga i klasse eldre rekrutt.
— 249 poeng var veldig bra. Berre så synd at eg ikkje fekk skyta finale med det resultatet. Spenninga og trykket som var under samlagsskytinga kjem eg nok aldri til å gløyme. Dette har så absolutt gjeve meirsmak til vidare satsing, sa Vikedal. Han klarte ikkje å ergra seg veldig lenge over at Sunnhordland til slutt hamna sist av dei fem laga som skaut omskyting om gullet. Ein kamp Hordaland til slutt gjekk sigrande ut av, og der det mangla veldig mykje på at Sunnhordland skulle ta heim sigeren. Johan Eidesvik plasserte til alt overmål ein tiar i naboskiva, og vart sjølv ståande att med 90 poeng. Heller ikkje dei andre tre på laget fekk noko særskilt klaff, og då gjorde det ikkje så mykje frå eller til.

Historisk sjanse

Også Svein Magne Stokkevåg, Vindafjord skyttarlag var nær det heilt, heilt store i seniorane si samlagsskyting. Etter at Bengt Bratland frå Stord og Vidar Vorland frå Bømlo hadde prestert 97 og 98 poeng, låg Sunnhordland heilt oppe på ein 2. plass. To poeng bak Gudbrandsdal skyttarsamlag.
— Presset var veldig stort, og eg hadde alvorlege problem på dei tre ståande skota mine. Og måtte i åttaren. Men eg såg meir kvitt enn svart i sikte, og måtte vel eigentleg berre seia meg nøgd med at det ikkje gjekk verre. Og utover i serien fekk eg etter kvart brukbar kontroll, fortalte Stokkevåg. Noko 95 poeng i høgste grad indikerte. Før ankermann Arne Engevik skulle i elden, var Sunnhordland framleis med i teten. No på ein delt tredjeplass. Men Stord-skyttaren fekk mykje av dei same problema som Stokkevåg, og enda på 95 poeng også han.
— Det gav oss ein flott 12. plass. Det er bra i konkurranse med 46 andre samlag. Men det spørst om vi får ein liknande sjanse til å gjere det heilt store, sukka Stokkevåg, etter eit landsstemne som slett ikkje svara til forventningane.
Det gjorde det heller ikkje for Johannes Hundseid frå Etne. På baneskytinga starta det med taparar heilt frå første liggjande, og det heldt fram til skytinga var over. I feltfinalen fredag leverte han rimeleg bra skyting, men med ni av tolv treff, var han til slutt berre eitt fattig poeng frå ei ny stjerne. Men så var det dette med marginane då.

Overraska alle

15 år gamle Nils Fredrik Espevoll frå Vikedal skyttarlag kom til årets landsstemne utan dei heilt store merittane. Det hindra han likevel ikkje å gjera den aller, aller beste lokale prestasjonen under dagane i Sandnes. Etter prikkfri skyting på feltrunden med 30 treff og 24 innertreff, var han ein av 76 skyttarar med fullt hus.
— Eg har rett nok skote fullt på nokre feltrundar tidlegare, men at eg også skulle fylla begge halda i finalen var langt, langt over det eg trudde var mogeleg før avreise til Sandnes, jubla Espevoll etter resultatet 12/11 i finalen, og med det kom han på ein delt fjerdeplass, og fekk med det DFS si ungdomsmedalje. Den står høgt i kurs hjå unge skyttarar.