Det største arrangementet i Stavanger er Glamat-festivalen i juli, men elles har det blitt fleire gonger på Bondens Marked for Tor Åge Hundseid, og no på søndag avslutta han året med Julemarked bak domkyrkja i byparken.
— Det er første året dei arrangerer Julemarked her, og etter at eg var her to dagar under opninga sist helg, vart eg invitert til å kome tilbake i dag då det heile blir avslutta, seier Tor Åge Hundseid, som kan registrere ei aukande interesse for tradisjonsmat produsert på den gamle måten.
— Me merkar at folk kjem tilbake for å kjøpe varer dei har prøvd tidlegare, eller for å prøve nye produkt som me har med oss.
No i førjulstida har det gått mykje på tradisjonell julemat. Spekepølser, skinker og pinnekjøt står for hovuddelen av omsetninga, fortel Hundseid. Totalt har han selt pinnekjøt frå om lag 200 lam no i tida no før jul.
— Me har auka salet mykje i år og tilbakemeldingane er gode, seier Hundseid, som på søndag hadde utstyrt seg med blånisselue. Med seg bak disken hadde han Cato André og Jon Bjarte Aarekol frå firmaet Matmonsen i Vikedal, også dei kledde som blånissar. Dei hadde både blåfjelltallerken, blåfjellgløgg, nissens mandelstang og kaffi på menyen. Det litt spesielle denne gongen var blåfjelltallerken som bestod av komle, pinnekjøt og heimelaga pølse. Det var Jon Bjarte og Cato André som serverte dette, og salet gjekk unna. Bjørn Sola var innom to gonger for å kjøpe seg komle med det litt spesielle følget, og han måtte innrømme at det smakte godt.
— Ja, dette var heilt topp, var kommentaren frå han, som i tillegg kunne fortelje at han hadde vore innom Vikedal Gardsmat tidlegare i veka og kjøpt seg ei skinke som han hadde kost seg med.
— Du kan berre skrive at den skinka var noko av det beste eg har smakt!
Julemarked for første gong
Det er første gong det blir arrangert Julemarked i Stavanger. Det er Grønn By, Byen og Stavanger kommune som står bak. Dagleg leiar i Grønn By, Elisabeth Sjo Jespersen, seier at dette er eit prøveprosjekt som dei vonar å utvikle over tid.
— Me er i eit spesielt rom her bak middelalderkyrkja, og er opptatt av å ta omsyn til det når me utviklar dette vidare, seier ho.
Blånissar på julemarknad
Det største arrangementet i Stavanger er Glamat-festivalen i juli, men elles har det blitt fleire […]