Blant dei beste i landet

— Grunnen til at me har blitt valt blant dei ti beste i landet, må […]

— Grunnen til at me har blitt valt blant dei ti beste i landet, må vera det at det er veldig fint her. Folk kjem her for å oppleva den utruleg vakre solnedgangen, og den flotte naturen rundt hamneområdet, som minner meir om ein naturpark enn om den tradisjonelle båthamn, seiar hamneansvarleg Kari Dommersnes. Her er det berg og turstiar for dei som har lyst å slappa av i dei flotte omgjevnadene.
Gjestfrie
Båthamna sitt servicebygg er ope for alle som ferierar i området, ikkje berre dei som kjem inn med båtar. Dessutan er fortøyingsavgifta ganske rimeleg, og betalinga skjer på eiga hand.
— Pengar er viktig, men me vil ikkje gi inntrykk av at det er det som tel mest for oss. Folk betalar for seg utan at me treng å passa på det.
Bjoa båthamn ligg sentralt i Sunnhordlandsbassenget og er verdsett av både norske og utanlandske turistar. Her finn dei ei lun og vindfri hamn for sine båtar, der er det alltid ein frå båtlaget som held auge med hamneområdet og tar seg av gjestene.
— Folk her er interesserte i båtar og vil gjerne bruka tid på å halda båthamna rein og ryddig. Den entusiastiske innsatsen til medlemmene i Bjoa båtlag er ei pulsåre til verksemda, understrekar Dommersnes.
Vindfritt
Før den nye moloen til Vågsholmen blei bygd i byrjinga av syttitalet, var båthamna nådelaust plaga av nordavind. I dag er båthamna skjerma for vind frå alle retningar, og det hender at den rolege hamna er så full at nokre båtar er nøydde til å snu og gå til ein annen plass.
— Men det er berre å ta kontakt med oss, for me brukar å finna plass til alle, forsikrar Kari Dommersnes.
Bjoa båtlag tenkjer ikkje berre lokalt, men har lyst, i samarbeid med Skånevik kraftlag, skaffa sine gjester eit trådlaus Internett-tilbod, noko som er veldig populært andre stader. Kari Dommersnes trur at dei hadde fått fleire stemmer dersom folk hadde registrert stemmene sine på Internett då dei var på Bjoa.