Blant dei beste

Eigaren Magne Svantesvold har aldri vore i tvil om at han har ein fin hest […]

Eigaren Magne Svantesvold har aldri vore i tvil om at han har ein fin hest i Svantesvold Odin. Det kom likevel overraskande at den to år gamle hingsten skulle dra heim tittelen som finaste hest på tvers av alle klassar i ei mønstring for unghestar i Sauda nyleg. Det er eit godt rykte å ta med seg for hesteentusiasten i Øvre Vats.
Tung, men elegant
— Kva som er bra med denne hesten? Det er rørslene og eksteriøret, og han er ein fin hest. Seinare legg ein vekt på brukseigenskapar og lynne når hesten er ferdig utvikla. Det er ikkje noko å utsetje på humøret. Eg har ikkje hatt hingst før, men det er ikkje rare problema med ein så grei hest som dette, seier hesteeigaren.
Dølahestar er kjende for roleg og godt gemytt. Svantesvold Odin står aleine i stallen. Lengre borte på eit beite går to unge hopper, og oppe i bakkane ei hoppe med føl. Det er ikkje høveleg selskap for unghingsten, og snart skal han på beite i lag med ein hingst på ein nabogard.
Den sjuande hesten på garden er ei hoppe som er på reise for å bli mor. Dei to unge hoppene fekk sløyfer i utstillinga i Sauda, og den eine for første kvalitet.
— Premiering er bra for interessa og salet. Det blir nokre telefonar ekstra, fortel Svantesvold
Psykologi
Magne Svantesvold karakteriserer hestehaldet som ein hobby han set stadig meir pris på. Hestane på garden kan ikkje samanliknast med dei 16 kyrne på beitet oppe i lia som fast gir kroner på kontoen.
— Eg blir ikkje akkurat rik av hestane, men dei gir litt inntekter. Det blir ein hobby sjølv om hestane er ein del av garden. Hestar er trivelege dyr og det er spennande å sjå korleis dei utviklar seg. Det er ein god del psykologi i hestestell, fortel han.
Han trenar hestar, og sel unghestar eller føl alt etter det som passar best. I tillegg driv dei litt med besøksgard for hest, og tar litt oppdrag med køyring.
— Det er mange flotte hestar i Vindafjord og interessa ser ut til å breie om seg. I Vikedal er det eit spesielt godt miljø og fleire hestar vart premierte i Sauda, fortel han.
Kvite tar seg opp
Svantesvold Odin er fødd på garden og mora vart seld rett etterpå, men det angrar ikkje eigaren på sjølv om Odin er den første hesten hans som har fått den gjævaste prisen i ei kåring.
— Noko må du selje og du veit ikkje på førehand korleis hestane blir. Det er litt tilfeldig når du skal vege for og mot kva for hest ein skal selje.
Den eldste hoppa Hallingblåa er ti år gammal. Ho har den karakteristiske kvite fargen og har ingenting igjen av den blåsvarte fargen ho vart fødd med og har fått namnet etter. Den blåsvarte fargen går gradvis over til kvit.
Den kvite dølen var vanleg før, men forsvann gradvis. For 20 år sidan var det så få igjen at avlet av den kvite typen bevisst vart tatt opp. Svantesvold synst det er viktig å ta vare på dei forskjellige typane av rasen som skal stamme frå den Gudbrandsdalske hest tidleg på 1800-talet.
— Døl er ein god og sterk hest, meiner han.
I dag går dei fleste hestane på stas, og hesteeigaren i Øvre Vats meiner lediggang ikkje er rota til alt vondt når det gjeld hestar. Lynnet blir stadig betre.