Blant slektningar i Sandeid

Oslo, Sandeid og København stod på reiseruta for Geir H. Haarde si første offisielle utanlandsreise […]

Oslo, Sandeid og København stod på reiseruta for Geir H. Haarde si første offisielle utanlandsreise etter at han tok over som utanriksminister før jul.
Det at ein islandsk toppolitikar vitjar Oslo og København, er ikkje anna enn ventande. Det at han set av eit par dagar i Rogaland mellom dei to hovudstadane, er litt meir uvanleg.
For Geir Hilmar Haarde er det annleis. Sandeid var ikkje noka ukjend bygd. Far hans, Tomas Haarde, var fødd og oppvaksen i Sandeid. Etter at han busette seg på Island og stifta familie der, var han fleire gonger på besøk i heimbygda.
Son hans, som nå leiar det største og mest tradisjonsrike politiske partiet på Island, har også vore i Sandeid tidlegare. Det var midt på sekstitalet, då han var tenåring. Den gongen reiste han meir anonymt enn kva han kan nå, når han er utanriksminister og statsministerkandidat.

God velkomst
Ragnheidur Elín Árnadóttir, som er politisk rådgjevar og pressetalskvinne for Haarde, gav uttrykk for at det ikkje er alle stader dei blir tekne så hjarteleg imot som i Sandeid.
Programmet som var lagt opp på førehand, var stramt og tett. Første stopp i Sandeid var kyrkjegarden. Erik Østbø var vegvisar for tremenningen sin frå Island. Første stopp var naturleg nok grava til utanriksministeren si bestemor. Det gjorde inntrykk på den 54 år gamle toppolitikaren, som miste mor si for to veker sidan. Det var mora som tok han med den eine gongen han hadde vore i Sandeid tidlegare. Nå var han komen tilbake rett frå gravferda hennar heime på Island.
Neste stopp var Laurits Helgevold si grav. Haarde minnest godt onkel Laurits frå Sandeid-turen på sekstitalet.
— Han besøkte eg. Er garden hans der endå, undrast Haarde.
— Nei. Garden er lagt til nabobruket, kunne Erik Østbø fortelja.

Sette til side programmet
Seniorrådgjevar Peder Lundgård blei fort rastlaus. Det var han som hadde ansvaret for tidsprogrammet.
— Me må passa på at dei ikkje går inn i kyrkja, for det har me ikkje tid til, mumla Lundegård ute på kyrkjegarden.
Men inn i kyrkja ville den islandske utanriksministeren.
Ikkje lenge etterpå kunne Lundegård ringja rundt med beskjed frå Haarde om at den opphavelege tidsplanen var sett til sides. Han ville ta den tida han trong.
Etter omvisning i buss rundt i Sandeid-bygda, avla Haarde og kona hans ein meir privat visitt på slektsgarden på Hårda, oppe i heia kloss i den gamle fylkesgrensa. På parkeringsplassen nede på Steinsland stod to ambassadørar, den politiske rådgjevaren hans og kommuneleiinga att og venta. Sjølv ein toppolitikar fortener ei stille stund i blant.
Sandeid-besøket blei avslutta ved at kommunen inviterte Haarde og dei 14 frammøtte slektningane hans på lunsj. At lunsjen nesten kom til middagstid, var det ingen som lét til å hefta seg med.