Medan dei andre kvinnene rundt borda i restauranten, rundt hundre i talet tippar me, blei viste siste nytt på motefronten, blei Grønfur tatt med til fornying.
Er det noko som lokkar kvinnene ut, så er det motevising. Og ingen gong er det meir freistande med noko nytt enn når våren er i kjømda.
Mannekengar frå Skånevik sin eigen motebutikk, Alfee, viste antrekk for kvinner i alle aldrar og for alle høve. Langbukser i mange modellar og toppar i lekre pastellfargar, stilige drakter og skjørt og blusar. Alt sett saman i vårens fargar, med markerte belte og smykke som naturlege tilbehør. For høvet var det også eit stort utval i vårens sko frå Euro-butikken i Etne.
I peisestova hadde Gro Bøthun frå Skånevik Blomster og Gaver dekka festbord for ulike høve og i fleire stilige variantar.
Som avslutning på jentekvelden diska hotellets kjøkken opp med spennande rettar på buffeen.
Blei ny på jentekveld
Medan dei andre kvinnene rundt borda i restauranten, rundt hundre i talet tippar me, blei […]