Blei pappa i racerfart

Moland Enge er vant til fart og spenning, men denne gongen gjekk det gjerne litt […]

Moland Enge er vant til fart og spenning, men denne gongen gjekk det gjerne litt for fort, då sambuaren kjende riene koma like etter klokka 01.00 natt til tysdag.

I seks kuldegrader måtte bilen han førte, stansa ved Eikelandsmyrane klokka 02.30 om natta på veg til sjukehuset. Den vordande faren måtte i all hast trø til som jordmor, då det nye bidrag til familien hadde hastverk med å koma til verda.
— Frå eg stansa bilen til jenta var komen ut, gjekk det omlag ti minutt. Eg er ganske imponert over eigen innsats, men gjerne mest over Laila, som heldt seg kald og roleg gjennom heile seansen, fortel Moland Enge, som hadde jordmor med på telefon under den dramatiske hendinga.

— Det var kaldt og me hadde ikkje særleg mykje å pakka den vesle jenta inn i, men alt gjekk fint for seg. Då ambulansen kom, var ungen allereie ute, fortel den nybakte faren.
Han har berre har eit råd til andre dersom dei skulle koma ut for same situasjon.
— Ring 113!!

Trass rekordfødselen, gjekk det heile fint for seg, og det står bra til med den vesle jenta, mora Laila og faren Bjørn Magne. Den vesle jenta veg 3.170 gram og måler 49 cm, men er framleis namnlaus.
— Me får ta ein debatt på namnet når me kjem heim. Me fekk ikkje akkurat så mykje tid til å diskutera det på vegen utover, ler ein stolt far på veg heim til Sandeid.