Der låg «Anna», skøyta til Bastian Reimers, klar til å ta ordførarspirene, minus Dagfinn Torstveit som hadde takka for seg, med ut på seiegrunnen.
Nå var det ikkje politiske ordspel det skulle tevlast om, men kven som kunne dra den største fisken over ripa. Dei hadde førebudd seg godt. Med stenger og ulike slukar og krokar på snøret gjorde dei seg klare til dyst. Og det tok ikkje lang tid før den første makrellen beit på kroken til Terje Halleland. Like etter var det Arne Bergsvåg sin tur. To litt mindre makrellar var hans fangst. Men så stoppa det litt opp. Til Reidar Håvås, som hadde plassert seg strategisk framme i baugen, kjende det rykte i snøret. Han gjekk djupare til verks enn konkurrentane og håpa at ei lange eller ei brosme ville bita på. Og lange fekk han. To rett etter kvarandre. Men dei beit ikkje på. Den første drog han over ripa med kroken i buken. Den andre hadde fått kroken i sporen. Fiskaren sjølv hadde ikkje svar på kvifor ingen ville bita på agnet hans, noko dei andre til gjengjeld hadde mange svar på. Men like fullt fekk han gå i land med dei to største fiskane i strengen dei hadde fått utlevert.
Sjanghaia
Men før dei kom så langt blei dei sjanghaia av kaptein Hjørnetann med følgje som entra skuta frå den gamle dampskipskaien. Tilbake i småbåthamna blei dei taua i land og førde til festivalteltet til stor jubel av ein hærskare med små og større fans ringside. Vel framme i teltet blir ei kiste henta fram og gullpengane som ligg i kista blir delte ut med brei hand. Og før politikarane får forlata festivalen, blir Bergsvåg, til stor jubel frå dei yngste, valt ut til å gå planken på skøyta «Anna». Bergsvåg hadde ikkje anna å gjera enn å lystra ordre og gjekk både planken og hoppa i sjøen, det til enda større jubel frå småfansen.