Blikket mot 80-talet

Dans og konsertar på samfunnshuset som samlar fulle hus, er nesten ei gløymt historie. Dans […]

Dans og konsertar på samfunnshuset som samlar fulle hus, er nesten ei gløymt historie. Dans på lokalet forsvann ein gong i overgangen mellom 80- og 90-talet.
Magne Christiansen, Erik Reistad og Bjørn Asgeir Lunde ønskjer seg kjente band som kan få folk til å stimle til lokalet, slik det var for 15-20 år sidan. Og lokalet er Ølen samfunnshus.
Litt nostalgi
— Eg har verkeleg tru på å skape litt retro i Ølen. Reaksjonen hos folk er, jøss, dette vil vi vere med på. Det trur eg kan fenge ei brei aldersgruppe frå 18 til 45+, seier Bjørn Asgeir Lunde.
Han driv Lydcompaniet lyd og lysutleie, og han skal ta seg av denne delen på dei planlagde konsertane. Magne Christiansen har også erfaring frå utebransjen ved å ha ansvaret for musikken på Ølen Gjestegård.
No har dei slått seg saman og skal leige Ølen samfunnshus for å gjenskape litt nostalgi.
— For over 15 år sidan kunne det kome rundt 1.500 når kjende band spelte i Ølen. No er samfunnshuset berre julebord og revyar. Det må gå an å få til noko anna også, meiner Magne Christiansen.
Return først ute
Magne Christiansen og Erik Reistad er ikkje gamle nok til å ha opplevd konsertane på 80-talet frå innsida, men dei høyrde lyden og fekk med seg at det var masse folk som kom til Ølen. Bjørn Asgeir Lunde var med å rigge lyd også den gongen.
— Det blir ein skikkeleg start med Return. Det er puddelrock av godt merke. Musikarane frå Stange var skikkeleg populære på 80-talet, fortel Lunde.
Han mimrar også om DaVinci, TNT og Stagedolls. Dei vil ikkje røpe så mykje om ønskelista framover, men Postgirobygget er eitt av orkestera dei gjerne skulle ha fått til Ølen.
Det er 20 år sidan Return vann NM i rock med låta Sheila, og bandet har spelt rock i eit kvart hundreår.
Kjende band
Trekløveret håpar at retro-debuten siste laurdagen i februar skal gi økonomisk grunnlag for fleire konsertar. Dei har ikkje tenkt å brenne seg meir enn nødvendig dersom tradisjonen ikkje lar seg gjenskape.
— Det er heilt klart at vi står framfor utfordringar. Det er ganske dyrt å få gode band. Og for å skaffe inntekter må vi ha eit ganske stort publikum. Kor denne lista blir lagt, veit vi ikkje i dag. Men målet uansett er at vi må ha kjende band om det skal vere vits i, forklarer Christiansen.
— Når Luxus Leverpostei har spelt i Ølen 10-15 gonger, er det på tide å finne på noko nytt. Og skal vi klare det, må vi ha eit stort publikum, meiner Reistad.
Dans og konsert
Oppskrifta deira er eit lokalt band før konserten, og etter hovudattraksjonen kjem det lokale bandet på scenen igjen og speler til dans. På konserten med Return er det Fesband som speler i begge endar av konserten.
— Det er mange som ikkje har vore ute på fleirfaldige år i Ølen. Kanskje dette er tingen, meiner Magne Christiansen.
Først skal dei sjå om båten flyter. Deretter er det aktuelt med litt lenger planlegging. Men dei har bestemt seg for at konsertane skal vere i vinterhalvåret. Resten av året skjer det så mykje i distriktet at dei ikkje vil prøve å ta opp konkurransen.