Medan TINE Meierier for lengst har varsla utflagging av eksportretta Jarlsberg-produksjon, held det vesle meieriet fram med å produsera ost i Vikedal og på Sand. Også for eksportmarknaden.
— Forbodet mot eksportstønad var venta, og det fører ikkje til mykje endringar i våre planar. Spesielt ikkje nå som det er skjøve så langt fram. Det er så lenge til, at verda kan ha endra seg på mange måtar, lyder kommentaren frå Rosenfeld, som nett er komen tilbake frå ein tur til USA.
— Me får nøkkelosten frå Vikedal inn i stadig nye kjeder i USA. Me satsar på gourmetmarknaden, der pris ikkje er den viktigaste konkurransefaktoren, forklarer Rosenfeld.
Ostane frå Den blinde ku er allereie dyre, etter amerikanske tilhøve. Når eksportstøtta vert avvikla, vil Den blinde ku halda fram med å produsera ost i Noreg. Sjølv om prisen på råstoffet, norsk mjølk, skulle gå opp som følgje av WTO-vedtaket i Hong Kong.
— Nøkkelost, Jaktost, Gulrotås og Camenås skal framleis produserast i Vikedal, forsikrar osteentusiasten frå Follo.
Blind ku ser lyst på framtida
Medan TINE Meierier for lengst har varsla utflagging av eksportretta Jarlsberg-produksjon, held det vesle meieriet […]