Den nye skytebanen ligg i bygdahuset i Vikedal. Her var det hektisk aktivitet heile helga. Med 151 påmelde frå heile Sunnhordland og delar av Nord-Rogaland var det nok å henge fingrane i for arrangørane.
— Alt har gått veldig bra. Det er mykje takka vera det nye elektriske anlegget. Kvart skot blir registrert heilt nøyaktig på datamaskinane, og me kan skrive ut resultatlister etter kvart som skytinga pågår, dette sparer me svært mykje tid på, sa ein nøgd formann i Vikedal Skyttarlag, Ola Vikedal.
Flott dugnadsinnsats
Det ferske klubbrommet vart klargjort dei siste dagane før samlagsstemnet. Rommet var så ferskt at lakklukta reiv i nasen på deltakarane. Her kan ein fylgje direkte med på ein dataskjerm korleis skyttarane gjer det på skytebanen, og dersom det er noko spanande sport på tv er det òg høve til å fylgje med på det. Vindafjord pistolklubb utførte jobben med klubbrommet. Dei brukar banen til skyttarlaget og gjer ein del dugnad til gjengjeld.
I helga var det 10 personar frå skyttarlaget som fekk i hamn det vellukka arrangementet. Alt frå påmelding til vaffelsteiking tok dei seg av.
God rekruttering
— Me håpa på at me ville få fleire medlemmer etter at me tok i bruk den nye banen, og det ønsket har gått i oppfylling. Det er mange unge som vil starte med skyting, og det synst me sjølvsagt er svært positivt, seier Ola Vikedal.