Blir det Harry´s Gyms kveld?

Kari Aakra Etter konserten på Sentrum Scene  under Bylarm i Oslo i går, gav musikkanmeldarar […]

Kari Aakra

Etter konserten på Sentrum Scene  under Bylarm i Oslo i går, gav musikkanmeldarar seg ende over av lovord om Harry´s Gym og stemmeprakta frå Anne Lise Frøkedal. I kveld er gruppa ei av ti nominerte artistar som kan gå til topps og vinna det tunge StatoilHydro-stipendet.

Etne-jenta si karakteristiske stemme har vore ein gjengangar på eit utal radiokanalar med hiten «Brother» den siste tida, og det har vore kort mellom lovorda om den framoverstormande gruppa i pressa.

Det høgthengjande by:larm og StatoilHydro-stipendet blir for andre år delt ut til  ein norsk artist eller gruppe på randa av internasjonalt gjennombrot. Stipendet på 800.000 kroner er startpakken for å kapra den utanlandske musikkmarknaden.

Og musikkentusiastar har stor tillit til Harry´s Gym som vinnaren av prisen blant dei ti nominerte. På dagbladet.no si uformelle avstemning om kven som vil gå av med stipendet, har Harry´s Gym per fredag kveld, fått 35 prosent av stemmene, og er den desidert den mest populære blant stemmegjevarane, medan The New Wine med 23 prosent ligg på andre plass.

Men hjå Anne Lise Frøkedal sjølv er entusiasmen langt meir lunken.
— Nei, eg har ikkje tru på at me vinn stipendet, men det har jo berre vore kjempekjekt å vera nominert, sa Frøkedal til Grannar, kvelden før kvelden.

Saman med Bjarne Stensli på trommer, Erlend Ringseth på keyboard, og Ole Myrvold på bass har Frøkedal fått rikspressa til å slå om seg med superlativ og spådommar for ei historisk musikkframtida for indierockgruppa.

Selv om bandets introverte indieutstråling gjør alt for å sette fokuset på musikken, er det likevel vanskelig å se forbi frøkedal. Med sin kjølige og coole utstråling tar hun rett og slett «jenter og rock»-debatten et sjumilsteg videre, meiner Aftenpostens Cecilie Asker.

Det er definitivt noe spesielt med vokalist og gitarisk Anne Lise Frøkedal (…) vever, men stor stemme og en kjølig sceneautoritet er hun i ferd med å bli en av norsk rocks virkelige profiler
, skriv Adresseavisen sin musikkjournalist, Vegard Enlid. Og han held fram;

…Harry´s Gym er så gjennomførte og kjølig proffe at de står i fare for å tippe over til det umenneskelige.

Dagbladets Peter Vollseth stemmer i.
På en time fikk Harry´s Gym sin egen debutskive til å høres rent undergjort ut (…) og innen de hadde overgått sitt platemessige selv i en full halvtime, var det glassklart at Anne Lise Frøkedal er Norges kjøligste dame, på engelsk eller norsk.