Det har lege i korta ei god stund at meir eller mindre heile platået ville bli freda etter at både fylkespolitikarane og Miljødepartementet godkjende at Åsbø Sanddrift tok eit kraftig jafs inn på området som er breiddfullt av kulturminne.
Hit, men ikkje lenger var signalet både frå fylket og departementet. Dermed starta ei fredingssak etter kulturminnelova, og om nokre tiår må sandkongane i Etne finne seg andre sandbankar å grave i.
Spent på konsekvensane
Kartet som innlemmar heile eller delar av 17 gardsbruk, er nyss kome bøndene i hende. Henry Haaland får delar av garden sin innanfor fredingsområdet. Han har lang erfaring med å drive gardsbruk på freda mark, og erfaringane med å ha automatisk freda kulturminne på bruket er langt frå berre positive.
— Men når det gjeld denne områdefredinga har eg ikkje bastante meiningar enno. Fylkeskonservatoren har sagt at vi skal kunne drive om lag som før. Vi får håpe det stemmer, seier Haaland.
Han har møtt veggen både når det gjeld nydyrking og utviding av eit mjølkehus på beite. Han har klaga til Kongen i statsråd, men utan å nå fram.
Dårleg erfaring
— Eg er ikkje mot freding generelt, men eg meiner det blir feil dersom grunneigaren skal sitje igjen med rekninga for ulempene av eit fellesgode som freding er tenkt å vere. Eg meiner grunneigaren må vere skadeslaus. I mitt tilfelle tilbaud eg å flytte mjølkehuset. Men vi kom aldri i mål verken når det gjeld plassering eller kven som skulle betale for det. Dette ser eg på som ei dårleg erfaring, men det er ikkje sikkert at områdefredinga får slike konsekvensar, seier han.
Haaland kunne heller ikkje støype ein platting i bløyta ut forbi mjølkehuset fordi der er fleire jordhaugar som har status som automatisk freda kulturminne.
— Men ingen av desse haugane har vore sjekka for å finne ut om det verkeleg er slike kulturminne her. Dei kunne fått ei slik stadfesting ved å grave ut den som er nærmast huset slik at eg hadde fått stelt til ved inngangen. Det er nok av haugar likevel. Men dei var ikkje så rause at dei kom meg i møte med det, trass i at huset vart bygt lenge før fredinga, forklarer Haaland.
Drive jordbruk
Med ei slik ballast når det gjeld freding, er Haaland moderat skeptisk, men han trur i utgangspunktet ikkje at fredinga treng å bli så negativ. Han meiner grunneigarane må stå saman når dei skal forhandle med fylkeskommunen om grenser og detaljar om korleis denne fredinga skal fungere.
— Eg er ikkje mot på generelt grunnlag. Det blir meir byråkratisk ved at vi alltid må søkje fylkeskommunen om tiltaka vi vil i gang med. Men ut over det treng det ikkje bli dei store problema. Fylkeskonservator Gerd Bolstad har sagt at dei skal ha ei hand på rattet, men at fredinga ikkje skal hindre jordbruket. Det er eit godt utgangspunkt dersom det blir slik. Dette er eg spent på, seier Sørheims-bonden.
Området er i praksis freda frå den dagen grunneigarane mottok varsel
om at fredingssaka er starta. Alle tiltak når det gjeld landskapet og det utvendige på bygningar må det no søkjast fylkeskommunen om lov til. Det same gjeld alle nybygg. Det kan også bli aktuelt å gi einskilde bygningar fredingsstatus ut over det som ligg i områdevernet.
Både Stødle, Sørheim og Austrheim er med i fredinga.
Tar fleire år
Det vil truleg ta minimum tre år før freding av Stødle-terrassen i Etne blir freda. I mellomtida har området status som freda.
Fylkeskonservator Gerd Bolstad i Hordaland opplyser at ønsket er at slike saker ikkje skal ta meir enn to år, men at det vanlegvis tar lenger tid.
— Dette blir den tyngste og mest arbeidskrevjande saka for oss framover. Vi har ein god del dokumentasjon for området i utgangspunktet, seier Bolstad.
Først skal fylkeskulturetaten i dialog med grunneigarane og Etne kommune om grensene som er trekte for området, pluss at det skal utarbeidast ei liste over kva som blir søknadspliktig for grunneigarane. Etter fleire rundar og høyringar vil så fylkeskommunen sende fredingsframlegget til Riksantikvaren som tar avgjerda. Dette vedtaket kan ankast til Miljøverndepartementet.
På spørsmål om kva som blir den største ulempa for bøndene i området, startar Bolstad med det positive:
— Det kan tvert imot vere fordelar med områdefreding. Det kan til dømes bli enklare å få ulike tilskot som finst i landbruket. Grensetrekking blir eit forhandlingsspørsmål. Grunneigarane får eit nytt forvaltningsnivå å forholde seg til, men med eintydige reglar for fredinga treng ikkje det skape problem, seier Bolstad.
Ho opplyser at enkelte bygningar blinkar seg ut som aktuelle for meir omfattande freding, men det er ikkje avgjort om det er nok med områdevernet.
Med fredinga får kulturetaten full kontroll over nybygg i området. I løpet av april-mars skal fylkeskulturetaten på synfaring hos alle grunneigarane.