Blir ikkje slått i bakken

6. divisjon avd. 4 Bjoa – Falkeid 1 – 7 (0 – 5) Scora for […]

6. divisjon avd. 4
Bjoa – Falkeid 1 – 7 (0 – 5)
Scora for Bjoa: Joakim B. Hansen
Gult kort: Lars Terje Eik, Bjoa
Dommar: Thorleif Gruner, Kolnes

Tabellen er ganske avslørande med null poeng og 86 baklengsmål så langt denne sesongen. Bjoa-keeperen har dermed i gjennomsnitt henta ut 8,6 ballar frå målnettet per kamp.
Måndagens kamp mot Falkeid var dermed ikkje sesongens verste trass i tap 1-7. Dei verste resultata er 15-2 mot Bremnes 2, og 14-2 mot Vedavåg Karmøy 2.
Godt humør
Både Bjoa-kaptein Gudvin Hetland (34) og spelande trenar Tormod Sandsgård (38) er veteranar på laget, og dei lar seg ikkje vippe av pinnen av poengsituasjonen med null etter ti kampar. Det går ikkje ut over moralen i laget.
— Store tap er blitt vanleg, så vi reagerer ikkje så mykje på det. I denne divisjonen speler dei fleste fotball først og fremst for å ha det gøy. Sånn sett har vi det kanskje like kjekt som dei i toppen av tabellen, seier Gudvin Hetland.
— Til mindre tap, jo betre er det. Humøret held vi høgt. Det er ingen som vil slutte av at vi taper. For dei fleste er det sosiale avgjerande for at dei er med, seier Tormod Sandsgård.
Mål i kvar kamp
Dei er ikkje aleine om å ha eit avslappa forhold til laget sine resultat i serien.
— Målet er å score mål i kvar kamp. Med eitt unntak har vi klart det, og det er ein av målsettingane, seier Vidar Maurangsnes. Forsvarsspelaren frå Vikebygd høyrer til den unge garde i laget.
— Korleis reagerer motstandarane på målkalaset i dei fleste kampane?
— Dei seier ikkje så mykje om det, men dei ønskjer oss lukke til vidare, seier Hetland.
Lyspunkta for Bjoa er 1-3 mot Avaldsnes 2 i vår, og 2-5 mot Vedavåg Karmøy 2 i starten av haustsesongen.
— Vi skal spele mot Avaldsnes på måndag. Der håpar vi på poeng. Vi slo dei i fjor, seier kaptein Gudvin Hetland.
Ser lyspunkt
Sandsgård ser også lyspunkt i kampen mot Falkeid der Bjoa melde seg meir på etter pause.
— Det kom seg i 2. omgang, og vi scora eitt mål. Det var ein litt for lettkjøpt start der vi særleg var for passive på dødballar. Men i 2. omgang rulla ballen meir i laget og vi skapte fleire sjansar, seier han.
I tillegg til målet til Joakim B. Hansen, var både Lars Terje Eik og Vidar Berge frampå med målsjansar.
— Det er fire kampar igjen og vi skal klare å ta tre poeng. Vi er fullt på høgde med ein del av laga, og med fullt mannskap og innsats i 90 minutt, kan vi klare å ta poeng. Det avgjer kampane i denne divisjonen, seier Sandsgård.
Mange av spelarane er under 20 år og er ei god stamme å byggje vidare på med spelarar både frå Bjoa og Vikebygd. Utfordringa for Bjoa er at det nesten ikkje er spelarar i aldersgruppa 20 til 30 år.
— Vi har fleire unge som har blitt stadig betre ut over i sesongen. Kva vi skal gjere neste år har vi ikkje tenkt på enno, seier veteranen Sandsgård.