Strenge restriksjonar blir først og fremst aktivert dersom det er egg- eller fjørfeproduksjonen i den aktuelle sona. Både nær Ølen sentrum og Etne sentrum er det område for vadefugl som aktualiserer eit sjukdomsutbrot av H5N1 viruset.
Ei sikringssone på tre kilometer som blir oppretta med ein gong sjuke fuglar er konstanterte, vil kunne få store konsekvensar i bygdesentra dersom det blir innført strenge restriksjonar for kor folk kan bevege seg.
Stenge lokalsamfunn
Distriktssjef Torkel Myklebust i Mattilsynet Haugalandet avdramatiserer eit slikt scenario med at det vil bli brukt skjønn ved handheving av sikringssonene dersom fugleinfluensaen hos villfugl kjem til distriktet.
— Slik vi tolkar reglane, er det ikkje behov for å stenge lokalsamfunn sjølv om det blir konstatert fuglevirus der. Tiltaka skal hindre at det kjem smitte til tamfjørfe, og at befolkninga ikkje blir unødvendig eksponert for sjuk fugl. Difor vil vi tone ned dette med å sperre grenser i ei sikringssone, seier Torkel Myklebust.
Mattilsynet har ansvar for beredskap, risikohandtering og tiltak for å slå ned aggressiv fugleinfluensa. Ved eit tilfelle av fugleinfluensa har Mattilsynet som jobb nummer ein å avklare kor smitten er, sperre av og deretter vurdere tiltak i området. Innsamling av døde fuglar vil starte med ein gong.
Villfugl til tamfugl
Risikosona vil bli merka på kartet med ein gong, men fysiske sperretiltak blir vurdert ut frå om det er egg- eller fjørfeproduksjon i sona, og kor stort omfanget av villfugl er i dette området.
— Ein må vurdere kva ein oppnår med slike restriksjonar. Fuglar kan som kjent fly, og då gir det ingen meining i stenge av eit lokalsamfunn i form av ein jernring. Det er ingen fornuftig grunn til det så lenge vi snakkar om villfugl. Vi skal først og fremst hindre at fugleinfluensa spreier seg frå villfugl til tamfugl. Difor blir det ein litt annan situasjon dersom det er fjørfe i risikosona, seier Myklebust.
Hovudmålet for Mattilsynet er å avgrense ferdsel til og frå fjørproduksjon i risikosona, og å hindre ferdsel frå sikringssona og ut til andre fjørfeprodusentar.
— Det er ein fuglesjukdom, og det er liten risiko for at den skal bli overført til menneske. Men vi skal også ta alvorleg at publikum ikkje skal kome i ein situasjon der dei utset seg for risiko i kontakt med villfugl. Tilhøva ligg også godt til rette for at det skal gå bra sidan vi ikkje har så mange fjørfeprodusentar på Haugalandet, seier distriktssjefen.
Desinfisere bilar
Restriksjonane blir dermed mest omfattande i område der det er fjørfeprodusentar. Gardar med fjørfe kan bli bandlagde og isolerte, og det kan blir restriksjonar på biltrafikken.
Eit tenkt tilfelle der det blir konstatert det aggressive fugleviruset ved Vatsvatnet, vil det kunne bli sett i gang tiltak på riksvegen mellom Knapphus og Kårhus fordi det ligg ein eggprodusent kloss ved vegen.
— I eit slikt tilfelle vil vegen bli halden open, men vi må vurdere desinfisering av bilane som passerer, seier Torkel Myklebust.
Men så lenge fugleinfluensaen er i område der det ikkje er tamfuglproduksjon, ser han ikkje for seg dramatiske tiltak som vil lamme eit lokalsamfunn.