Kva har skjedd på desse åra? Jo det er utnevnt nokre som skal verta sjefar i den nye kommunen. Ein har slått saman IKT avdelingen (data), der er ein like mange som ein var i dei to kommunane før, om ikke fleire. Ser dette lovande ut?
Ein har også prisverdig nok innhenta frå meiningmann kva forventningar han har til den nye kommunen, og ein har hatt folkemøter i alle bygder.
Det har vorte sagt at samanslåinga skal gje ei innsparing på ca. 6 millinonar, alle veit at ein då ser for seg reduksjon av administrative stillingar, sjølv om få om nokon vågar å seia dette høgt. Underteikna har ved tidlegare høve kalkulert at det skulle tilseia ca. 10-12 stillingar. Når det no berre er eit år til samanslåinga så er det på tida at me får vita meir om dette. Den isande kulden på ryggen min om natta, kjem ikkje av ei kald kone, men av frykt for at me sit igjen med ei mengde stabs-rådgjeverar og sjefar om eit års tid, og ingen 6 millionar.
Og frykten har sin grunn, eg har fått tilgang på eit dokument som eg vil råda den fjerde statsmakt (Grannar ) til å grave djupt ned i, her kan ein finna stoff til det meste, sikkert til mange revytekstar også. Dokumentet heiter «Strategisk Grupper» her har då stort sett leiarar i forskjellige einingar i dei to kommunane sett seg saman for å meisla ut korleis deira ansvarsområde skal vera i den nye kommunen. Med seg i gruppa har dei hatt minst to tillitsmenn, så her burde alt gå rett for seg. Er det nokon som har tru på at desse gruppene har funne ut at ei sammanslåing vil føra til at nokon kan blir overtallig?
Her luktar det havre lang vei, og bukken er ikkje langt borte.
Les ein igjennom dokumentet så ser ein at her skal det opprettas nye stillingar, ein må ha flotte lokaler, helst i eit rådhus osb.
Ei gruppa har funne ut at det slett ikkje er utenkjeleg at me har for mange skular, dette på trass av at om det var noko som var unisont itilbakemeldingane frå spørjeundersøkjinga og folkemøter, så var det at det skulle vera skular i alle bygder. Med kva rett kan byråkratar ha til å sjå bort frå dette, utan å ha dokumentert kvar dei skal få plass til elevane frå dei nedlagde skulane og kva ei utbyggjing av skular og transport vil koste ?
Andre grupper som ynskjer den rette konklusjonen har vore rett så flinke til å få med seg kva det vil koste å byggje nytt dersom ein skal slå saman noko.
Sidan underteikna sit i kommunestyret i Ølen, så vil vel nokon spørja kva eg brekar etter, eg får heller gjera noko med det. Då vil eg berre seie at eg vaskar hendene mine, kommunestyra i Vindafjord og Ølen har i saker som vedkjem samanslåinga gjeve frå seg all makt til Fellesnemda. Fellesnemda består av formannskapet frå dei to kommunane.
Me B-politikarar tar oss av viktige saker som å behandla skjenkesøknader og vedta bompengar.
Så eg oppmodar alle om å kontakta Fellesnemda og sei at me forventar at det er dei som skal styra sammanslåinga, og ikkje dei tilsette. Me treng ikkje nokon nye bygningar, sammanslåinga skal føra til at det er mindre antall personar som skal husas enn det er i dag i dei to kommunane, så det skulle tyde på at det blir bygningar til overs og ikkje i manko.
Det er heller ingen grunn til at det i elektronikkens tidsalder skal vera slik at heile administrasjonen må sitja på samme plass, det finnes løysningar for slikt i dag. Veit ein ikkje dette så kan ein spørja IKT avdelingen, som alt har slått seg saman, der er det som kjent mange som kan svare på dette.
Med ei svinnande von om at dette framleis kan gå bra.
Roald Årvik
Vikebygd