Blir med i Coop

Det møtte 54 medlemmer med røysterett til møtet måndag, og av desse sa 51 ja […]

Det møtte 54 medlemmer med røysterett til møtet måndag, og av desse sa 51 ja til samanslåinga. Dermed er Skjold Samyrkelag i Skjoldavik historie, og inn kjem Coop Haugaland. Det bryggjer til hard konkurranse i området når nabobutikken ICA i Isvik om kort tid legg ned daglegvaredrifta, til fordel for ein nye og større Kiwi-butikk. Men direktør i Coop Haugaland, Tore Klovning, fortvilar ikkje over situasjonen.
— Konkurranse møter med over alt. Me skal vere godt førebudde på situasjonen. Me hadde ikkje gått inn for fusjonen viss ikkje me hadde hatt tru på den, slår Klovning fast.
Einar Emberland, siste styreleiar i Skjold Samyrkelag, opplyser at omsetnaden i butikken i fjor var på 12.5 millionar kroner. Resultatet viser likevel eit underskott på 50.000 kroner, men samstundes blei det gjennomført opprustingar for 400.000 kroner i fjor.

Vurderer opningstider
Tore Klovning meiner samanslåinga med butikken i Skjold styrkjer Coop Haugaland totalt sett, og han trur også butikken i Skjold vil få større grunnlag for god drift når Coop overtar den. Coop Haugaland er no ei eiga juridisk avdeling med 22 butikkar. Samvirket hadde eit svært godt økonomisk år i fjor, med ti prosent vekst samla sett for alle butikkane. Konkrete planar om nye samanslåingar ligg ikkje føre, men Klovning opplyser at dei vurderer alle førespurnader etter kvart.
Kiwi-butikken som kjem til å dukke opp i Isvik i løpet av året, planlegg opningstider frå klokka sju til 22 på kvardagar.
— Kva vil de gjere med dykkar opningstider i Skjold?— Det har me ikkje tatt stilling til ennå, men me vil vurdere det fortløpande, seier Klovning.
Det er allereie lyst etter ny butikksjef i Skjold, og ny tilsetjing vil skje enten denne veka eller neste, opplyser direktøren.
— Kva planar har de med butikken i Skjold?
— Me vil vidareføre det sortimentet som er i butikken i dag. Der finst jo også ein del fag- og jordbruksrelaterte produkt. Me vil halde fram med jernvarebiten, og me kjem til å gjennomføre oppgraderingar der det er naudsynt, svarar Klovning.