Blir ny for åtte millionar

Arkitekten er ferdig og anbodet er lyst ut. Åtte millionar kroner går til å fikse […]

Arkitekten er ferdig og anbodet er lyst ut. Åtte millionar kroner går til å fikse litt på fasaden og lage den tidlegare sjukeheimen om til kommunehus ut over dei kontora som alt er på plass.
Planen var å bruke ti millionar kroner, men sidan kommunalminister Erna Solberg kutta i samanslåingsbudsjettet for Ølen og Vindafjord, var det berre ledig åtte millionar statlege kroner til prosjekt kommunehus.

Ny identitet
Komande rådmann og prosjektleiar Helge Thorheim, er såre nøgd med resultatet. Han trur bygningen vil framstå med ein ny identitet når handverkarane er ferdige med jobben sin.
— Målet har heile tida vore å berre bruke av tilskotet vi får av staten og ikkje ta pengar frå dei to kommunane si kasse. Ut frå det vi har til rådvelde er resultatet bra. For nokon vil bygningen sikkert alltid vere Eiotunet og sjukeheim, men for folk som kjem utanfrå trur eg den vil framstå som eit kommunehus, seier Thorheim.
Han underslår ikkje at dei fint kunne ha brukt nokre millionar til. Rådmannen skal ha kontor midt i bygningen vegg i vegg med ordføraren. Her blir det ikkje gjort nokon forskjell: begge får sine 26 kvadratmeter.

Enkle grep
Det er relativt enkle grep som er gjort utvendig for å gi bygningen eit nytt preg. Det er ført og fremst ein altan i andre etasje sett frå E134, og ein stor steinmur i eine enden av bygningen som går heilt opp forbi taket. Ein del vindauge vil også bli tetta igjen på framsida.
— Ein slik mur er tung og traust, og er med på å gi kommunehuset eit solid preg. På denne steinmuren skal kommunenamnet stå, og med lyssetting vil det ta seg fint ut, seier Thorheim.
Å endre bygning i større grad ved til dømes å møne det flate taket, var aldri aktuelt på grunn av økonomien. Ein sentral del av huset er servicetorget med inngang på oppsida av bygningen. Her skal det også vere formannskapssal. I huset blir også rådmannen sin nærmaste stab. Gamle Eiotunet huser i dag kommandosentralen for it.

Ambulerande kommunestyre
— Eg vil ikkje seie at vi har gått på akkord med noko. Ein kunne gjerne ønskt seg kommunestyresal for å heve statusen både for bygningen og politiske vedtak. Men det var verken råd eller rom for å skaffe plass til 33 medlemmer og plass til publikum. Det er ikkje avgjort kor kommunestyret skal halde hus, men eg ser ikkje vekk frå at det kan bli ei ambulerande løysing mellom fleire bygder. Det kan vere eit instrument for å skape tilknyting til bygdene i kommunen, meiner prosjektleiaren.
Sosialkontoret, kyrkjekontoret og undervisning for framandspråklege flyttar ut. Førstnemnde skal til Vikedal, kyrkjekontoret er enno ikkje i boks, medan undervisninga skal inn der PPT og kulturskulen flyttar frå ved Ølen skule.

Før 2007
Rådmannen meiner det er gunstig for den nye kommunen å få seg administrasjonssete utan å måtte betale ei krone sjølv. Men den nøkterne profilen på kommunehuset har også samanheng med at det ikkje er tatt endeleg stilling til om Eiotunet skal vere kommunehus over ein lang tidshorisont.
— Vi har funne ein balanse mellom desse to interessene. Med tanke på at framtidig kommunehus skal utredast før valet i 2007, set det bergrensingar for kva vi kan gjere med huset i denne omgang. Også med tanke på etterbruk, seier Thorheim.
For om lag eitt år sidan vart det lagt fram tal som viste at eit nytt kommunehus ville koste i alle fall 50 millionar kroner.