Blodprøvar i bosset

— Berre den veka har me måtta kalla inn mellom fem og ti pasientar på […]

— Berre den veka har me måtta kalla inn mellom fem og ti pasientar på ny. Grunnen er at me må ta ny blodprøve, fordi den andre var for gammal då laboratoriet ved Haugesund Sjukehus endeleg fekk den i posten, seier Grete Stølås, legesekretær ved Etne legekontor.
Blodprøvar held seg mellom eitt og fire døgn i kjøleskåpstemperatur, då seier det seg sjølv at legekontora er avhengige av Posten er effektive og nøyaktige.

Ekstrem postrute
— Det verste tilfellet er at ein og same pasient har måtta kome inn å ta den same blodprøven tre gonger, seier ho.
Problemet er aller størst i Skånevik. Der har posten ei rute som nesten er for lang til å vera sann. Etter at eit brev er posta i Skånevik, går det vidare til Utåker med ferje, via Stord til Stavanger, med fly frå Stavanger til Karmøy, og til slutt med bil til Haugesund.
— I Skånevik har dei opplevd at ein blodprøve som er sendt på måndagen ikkje kjem fram før på torsdagen, og då er det klart at blodet må i bosset, seier Grete Stølås.
— Dette er ein fortvila situasjon, me brukar mykje tid på å kalla inn pasientar på nytt og ta nye prøvar, seier ho.
Som følgje av Posten sitt leveringsproblem har Haugesund sjukehus sett i gong med ei henteordning. No hentar dei blodprøvar til og med Skjold.
— Me håpar at denne ordninga kan gjelde for oss også, for me kan ikkje stola på posten, seier Grete Stølås.

Rekning til Posten
Legekontora tek ikkje betaling av pasientane for nye blodprøvar.
— Det ville ikkje vore etisk rett. Me gjer jobben og Haugesund Sjukehus betalar porto. I desse tilfella er det berre rett og rimeleg at Posten tek utgiftene, seier Jorunn Ness ved Skånevik legekontor.
Jorunn Ness fortel også om frustrasjonen som rår ved Haugesund Sjukehus.
— Det hender til og med at blodprøvar som blir sendt frå Karmøy til Haugesund blir for gamle. Dette har ført til at Karmøy legekontor vurderer å bruka den største konkurrenten til laboratoriet til Haugesund Sjukehus, Fyrst Laboratorium i Oslo. Me kan ikkje finna oss i at posten går så seint, seier Jorunn Ness.