Hyggeleg, gild,
ja ingen tvil,
ho kan og vil,
og får det til,
med ærleg smil.
Frimodig ho kom,
det syns eg om,
gav andre rom,
fortener blom,
av herlegdom.
Takka og æra,
vil eg gjera,
eksempel vera,
leva og læra:
«Kvinnevisdom
skal redda verda».
Helsing Marit.
(Grindheim før)