— Det er kanonbra. Det er bandet som har fått teltet til å dirra mest og er vel det bandet som flest av publikum har ønskt tilbake igjen, seier festivalsjef Alf Warloe Christophersen i Skånevik Bluesfestival. For tre år sidan fekk 3.000 publikummarar med seg Steve Cropper, Donald «Duck» Dinn & co då dei besøkte Skånevik. Gjensynet med bandet er eit ledd i ti års markeringa av festivalen. — Sidan me feirar ti års jubileum ville me ha tilbake nokre av dei som har vore den største suksessen på festivalen tidlegare, seier Warloe Christophersen, som stadfestar at avtalen med Blues Brothers er i boks. Fredag 7. juli står «The Original Blues Brothers Band» igjen på scena i bluesbygda Skånevik. — Då kjem det til å svinga i teltet, trur festivalsjefen. I fyr og flamme Amerikanske Blues Brothers såg dagens lys i 1978. To år seinare kom den første filmen «The Blues Brothers» om brørne Jake og Elwood Blues. Sidan har Blues Brothers vore eit kultfenomen. Mørke solbriller, svarte hattar og dressar er nokre av varemerka deira. — Eg gler meg allereie. Det er eit band som får publikum i fyr og flamme. Eg er skikkeleg nøgd med å få det til, seier Warloe Christophersen. — Dei er veldig populære og dei spelar folkeleg musikk som alle likar, seier han. Festivalteltet utanfor idrettshallen i Skånevik rommar 5.000 personar, og billettane blir lagt ut til helga. I boks Programmet for årets bluesfestival er dermed spikra, men Warloe Christophersen utelukkar ikkje overraskingar på tampen. Billettane til opningskonserten torsdag med Dum Dum Boys og konserten med Whitesnakes laurdag er allereie lagt ut. — Salet går fint, men normalt sett tar det av mot slutten, seier Warloe Christophersen. Dum Dum Boys opnar festivalen torsdag 6. juli. Laurdagens trekkplaster blir den britiske rockegruppa «Whitesnakes». I tillegg står desse på scena under bluesfestivalen: Tutu Jones, Denise Lasalle, Henry Butler, Bjørn Berge, Omar & The Howlers, The Pretty Things, Lennart Kravitz, Lazy Lester, Kåre Virud Band, Frogner Tennisklubb, Nobody´s Business Blues Band, Hard Luck Blues Band og Paal Flaata-RC Finnigan & The Blue Flames.
Blues Brothers til Skånevik
— Det er kanonbra. Det er bandet som har fått teltet til å dirra mest […]