Bluessuksess i grenseland

— Dette er det verste eg har opplevd. Du høyrer ikkje anna enn tung bass. […]

— Dette er det verste eg har opplevd. Du høyrer ikkje anna enn tung bass. Heilt malplassert, klaga ein bluesfantast på veg ut av teltet. I ein viss fart.
— Tenkja seg til å setja opp Scorpions som trekkplaster på ein bluesfestival. Sa han, og forsvann ut i natta.
Attende i teltet stod tusenvis av tilreisande og fekk ei konsertoppleving som dei mest ikkje trudde var mogeleg. Tjue år etter at tyskarane herja hitlistene verda over, leverte dei varene med renters rente. Og litt til. Publikum var fullstendig i ekstase, og bandmedlemma sjølve såg faktisk ut til å vera temmeleg overraska over den enorme responsen. Og sa det rett ut:
— We did not know that we were that popular.
Kort tid etter ljoma «Still Loving You» med ein intensitet og ei innleving som fekk sjølv dei mest åreforkalka under teltduken til å mimra om gode dagar på åttitalet. Ubetaleleg.
Andre enden
Om hardrock-balladar er blues? Heilt sikkert. Men kva skal ein seia om ein «luring» frå Telemark med røtene sine godt festa i det mest urnorske som finst. Ein kar med slektskap til Aasmund Olavsson Vinje. Med eitt bein godt planta i folkemusikken, og det andre på god veg inn i popverda. Klart Odd Nordstoga er blues. Skulle berre mangla. Torsdag tok han publikum med storm i kjellaren på den nedlagde sardinfabrikken. Og skulle ein nokon gong ha dekning for uttrykket som sild i tønne, måtte det vera denne kvelden. Men Nordstoga og dei dyktige musikarane hans let seg ikkje stogga av mangel på oksygen. Der og då var det ikkje vanskeleg å skjøna kvifor denne karen dei siste månadane har selt fleire plater her heime enn nokon annan.
Manifestasjon
Om ein ikkje alt har fått det med seg: Skånevik har dei siste dagane syda av liv. Ikkje ein kvadratmeter av bygda var ledig på det mest hektiske laurdag ettermiddag. Det som ikkje gjekk i breidda, gjekk i høgda. Båthamnene var overfylte, og mange valde å ankra opp omtrent midtfjords. Kjennarar i faget meinte at dei aldri hadde sett meir båt i bygda. Det er vanskeleg å seia dei imot. At begge dei to nemnde arrangementa vart utselde på ein, to, tre er kanskje det beste provet på at Skånevik Bluesfestival har manifestert seg som eit arrangement folk berre må ha med seg.
— Kjøp på førehand
Sundag ettermiddag var Alf Warloe Christophersen ein letta mann.
— Vi har teke eit langt, langt steg vidare. Vi var litt ekstra spente på mottakinga denne gongen. Og kan ikkje anna enn å takka og bukka i ettertid. Det er sjølvsagt trist at mange som ønskte det ikkje fekk billettar. Neste gong må dei kjøpa dei på førehand. Det er det einaste rådet eg kan gje. For oss er det eit luksusproblem. Men for dei tilreisande er det definitivt gambling med si eiga besøkelsestid, meinte bluesgeneralen. Som også let seg imponera av gamle gudar i Scorpions.
— Det var heilt i overkant av kva vi kunne håpa på. Men det er slike opplevingar vi ønskjer meir av. Eg kan allereie no lova at dei som kjem att til neste år også skal få servert ein rikhaldig og spennande konsertmeny.
Vått og godt
— Det blir ikkje betre enn dette. Det er ingen ting som heiter dårleg vêr. Ein må berre kle seg etter forholda, smiler ein gjeng med vaksne damer frå Sandnes. Himmelen har opna seg, og ting byrjar å likna veldig mykje på laurdagen for to år sidan. Den gongen bøtta det ned, og campingplassen såg ut som eit einaste stort elveleie. Men i år førte regnet ikkje anna med seg enn at det danske bandet The Blue Junction måtte reisa attende utan å ha spelt så mykje som ein tone. Men helten til damene frå miljøet kring Sandnes Bluesklubb, Reidar Larsen, var akkurat i mål då regnet starta.
— Dette er første gongen vi er i Skånevik, og vi er ikkje så reint lite imponert over kva dei har fått til. Det er nok av byar og store tettstader som ønskjer å stella i stand flotte festivalar, utan at dei er i nærleiken av å få det til. Nei, dette gav så absolutt meirsmak. Vi kjem attende, var meldinga, medan regnet fossa ned, og det einaste problemet dei hadde var at cognacen vart ein smule utvatna. Det er blues det.